Odd Nordstoga

Livet under lupa,

sjefen bankar på

Og før eg let meg skræme

så vil han ikkje gå

Eg grev meg i mitt hovud

som verker av i går

og som eit godt eksempel

på dugløysa mi står

Ja, eg har nippa vin

i timesvis i strekk

Og preka meg til høgder

eg som edru aldri rekk

Og eg har funne jenter

nedi botnen av av ein dram

Og trutt at det var kjærleik

i byen på ein tram

Og ute skræmer vindar

som eg skull’ vore i

Og gå meg bort frå den eg er

og alltid kjem til å bli

Ja, livet er på lupa,

og eg tenker litt på det

at det er leng, leng, leng, lenge sidan det

Livet er på lupa,

og eg tenker litt på det

at det er lenge sidan kvelds

med knekkebrød og te

Og eg har prisa venskap

med tårer på mitt kinn

Eit minne som eg håpar

at reiser og forsvinn

Og eg har slege i bordet

om ting eg syns er bra

som eg av alle veit at

er ingenting å ha

Eg les fjell og vidde

og eg har tre par ski

men vidda den er stor

når ein drikk øl til klokka tri

Ja, livet er på lupa,

og eg tenker litt på det

at det er leng, leng, leng, lenge sidan det

Livet er på lupa,

og eg tenker litt på det

at det er lenge sidan kvelds

med knekkebrød og te

Sjefen, ja, han bankar

og han bankar og vil inn

Og skræmer bort det siste

av mitt altfor lette sinn

Ja det bankar og det bankar,

alle piler peikar ned

Og vindane der ute

dei gjev meg ikkje fred

Ja, livet er på lupa,

og eg tenker litt på det

at det er leng, leng, leng, lenge sidan det

Livet er på lupa,

og eg tenker litt på det

at det er lenge sidan kvelds

med knekkebrød og te