Min eigen song

Tekst: Ragnar Hovland

Eg er han som teier i skogen
Eg er han som sjeldan får svar
Eg er bror til dei byksande harar
og mårens åndelege far
Eg slår kløktige akkordar
på min eigen indre gitar

Melankoliens avenyar –
Der var eg heime ein gong
Eg trudde alt det vakre som Astrud Gilberto song
med Marty Paich sitt orkester
i nittensekstifem
og diktarens ord kom føre meg:
”Du skal aldri komme hjem”

Eg har ein vind i mitt hjarte ein saksofon i mitt bryst
eg eig eit sommarleg minne
om jentene eg har kyst
eg står her no og teier
nett så lenge eg har lyst