No er tivoliet over

Tekst: Ragnar Hovland

Musikk: Odd Nordstoga

Sei farvel, mi vesle kjære

mens vi syng ein kjærleikssong

om kor vondt det er å skiljast

sei farvel for siste gong

Sjå kor morgonhimlen lyser

Mine tårer fell som regn

No er tivoliet over

Vil eg møte deg igjen

Som ei klokke slo mitt hjarte

Kysset ditt var søtt som vin

heile tida mens det varte

Den tid eg var guten din

Sjå kor hamnelysa kallar

Om ei stund er du på veg

No er tivoliet over

Eg vil alltid elske deg