Pilegrim I

Tekst/Musikk: Stein Versto/Odd Nordstoga

Dette er ein gamal veg
der fut og fant fór fram ein gong.
No ber vegen mine steg
og røysta mi ber fram ein song.

Dette er ein skog med folk
frå løynde rike, gløymde bort,
ser på alt med unders augo,
dukkar snøgt fram, gøymest fort.

Denne duva kjem til deg
som leitar etter veg å gå,
send ifrå den stad du strevar
for å hugse namnet på.