Sjøfararsong

Odd Nordstoga

Sola har sovna, så månen har fri.

Og jorda, ho er ikkje heime.

Jorda er borte hjå kjærasten sin.

Så eg syng min sjøfararsong

som alltid har virka før.

Eg syng min sjøfararsong

for finver og goe bør og at allting skal bli slik som før.

Jorda har gløymt meg, ein båt og ei mast.

I den sit ein måse og glor.

Den tenker nok: ”Her var det meir fisk i fjor.”

Så me syng vår sjøfararsong…

Snart kjem ein styrmann med kart og kompass.

Han veit ikkje opp eller ned.

Hadde jorda vore heime, ja, då visste me det.

Så me syng vår sjøfararsong…