Vårsong

Tekst: Ragnar Hovland

Melodi: Odd Nordstoga

No kjem den fagre våren.

Den kjem så altfor seint.

No går eg opp til Bård’en

og spør kva som er meint

med at vi stadig går med skjerf

og lue her vi går.

Det er jo mildt i lufta

og er det ikkje vår?

Vi slenger allting av oss,

spring ganske lett omkring,

snart blir vi voldsomt sjuke,

men det gjer ingenting.

Då får vi liggje heime

og mase litt på mor.

Og er det fleire av oss,

så masar vi i kor;

Ӂ, gi oss sjokolade

og kjærlighet på pinne!

Brei dyna godt om kring oss

og klapp oss litt på kinnet!

Fortel ei nifs forteljing

og slepp inn hund og katt!

Så blir vi sikkert friske

og kan gå på skulen att!”