Vegfilm

Tekst og musikk: Odd Nordstoga

Ja me susa langs slettene og tanken var der så tydeleg:
Båe to var me glade me ikkje måtte bu der hjula banar sin veg.
Her sat eg med høgre armen litt til venstre men kort frå deg.
Handa di låg der mjuk og stille, denne handa som var berre for meg.

Berre me som sat her stille.
Ute var det som det ville, for det for oss rakt forbi.

Så kom imot eit lite felt som blei ein skorstein i eit hus, som borte, borte var.
Og du kom nær med pusten din.
I kompani i eige solsystem,
ein bil,
så blir den
store brannen
lett ein ting som fer forbi.
Der er mykje
sundrivi,
som ein kunne tenkje ivi, og som fer ein rakt forbi.

Og med det var det vidare
Det var der ikkje meir.
Me var der ikkje meir

Så kom tida for eiga krise;
tyngd i tid
og ho råka deg.

Bort frå deg, og mot nye grender, utan deg til å dela tida med.
Når eg susar langs slettene så står du
ute så bitterleg.
Men båe to var me glade me ikkje måtte bu der hjula banar sin veg.
Der er mykje svie ute, og du veks imot mi rute, men så glar du rakt forbi

Og med det er det vidare
Du er der ikkje meir
Eg er der ikkje meir