tekst og musikk: Odd Nordstoga
Tenk om ein dag hell to
like godt kunne vera ei veke
Tenk om mitt svar til deg
og di tolking på det var like
Tenk om tala mi spegla av
det som eg hadde tenkt å sei i dag
og det blei som eg ville
du svara meg som du sille
Fryd, berre fryd
kanskje kunne me tie
litt meir
berre fryd
Tenk om ein dag hell to
like godt kunne vera ei veke
Tenk om min hug til deg
og din trong til meg dei var like
Eg kunne gløyme å ta deg med
når eg trong deg så var du der like ved,
kom med ost og persille
just dei slaga som eg ville
Men ein dag hell to
det varer ‘kji ei veke
Og mitt svar til deg
og di tolking er ‘kji like
Så derfor må me preke mykje meire hell bekvemt
så derfor må me preke mykje meire hell bekvemt
og songen blei beklemt
den her songen blei beklemt