Tekst og musikk: Odd Nordstoga

Still er natta her utanfor
og stille er det her inne.
Eg leitar etter ein slutt for i dag,
den er ingen stad her å finne.
Det er tomt når dagen for sin veg
og natta er her forutan deg.

Eg ville så gjerne få kjenne på
å vera ei tid her aleine.
La dagane gå i si eiga takt,
la kveldane få bli seine
og la meg få høyre det som blir sagt
når hjartet får slå i si eiga takt.

No har eg prøva, og kjenner på det
at nokon ein kan snu seg te,
at ei å sitje i sofaen ved
– det!
Det er det som kan gje’ meg fred, det.
Det er det som kan gjeva meg fred.

Men fridom skjønar eg ganske greitt:
Det er å vera her inne
og ikkje møte eit blikk, eit ord
som kan pirke meg innpå sinnet.
Møte stilla i alle rom
og gjeva ein lyd for å late som om

at eg ikkje går og kjenner på det
at nokon ein kan snu seg te,
at ei å sitje i sofaen ved
– det!
Det er det som kan gje’ meg fred, det.
Det er det som kan gjeva meg fred.

No har eg prøva og kjenner på det
at nokon ein kan snu seg te
at ei å sitje i sofaen ved
– det!
Det er det som kan gjeva meg fred det.
Det er det som kan gjeva meg fred.