Nytt

Comments Box SVG iconsUsed for the like, share, comment, and reaction icons
1 week ago
Odd Nordstoga

Tusen takk for nydeleg dag og kveld i Fresvik. Slik såg det ut frå bakscena. Tidenes publikum. @fresfestival @stagew ... See MoreSee Less

Tusen takk for nydeleg dag og kveld i Fresvik. Slik såg det ut frå bakscena. Tidenes publikum. @fresfestival @stagewImage attachmentImage attachment

Comment on Facebook

Ser ut som heftig backdrop å reise rundt med!? Noe større enn Ramstein sin? 😉

Odd er best 🥂🎸🎤🪗

Fres’n. Beste festivalen som er

1 week ago
Odd Nordstoga

@fresfestival I kveld blir det fest i Fres. #lydprøve ... See MoreSee Less

@fresfestival I kveld blir det fest i Fres. #lydprøve

Comment on Facebook

Hei sogn. Dersom de klarer å få til bittelitt av stemninga som de laga på svanøya i sunnfjord vert det kalas di luks. Lukke til.

Kor i all verden er Fres ? 😬 Får bare opp jordfresere og sånt når eg googla 🥵 Uansett,ha ein fantastisk konsert !!! Nyt dette livet du har 🎹🎤🥂 God helg i ,,Fres,,🌞

Dette blir nok kos 🙂 Sist konsert ble avlyst pga korona. Skal nok prøve igjen senere i år! Må se deg minst en gang i året ;). Det er alltid bra musikk, og med landets beste backing band.

Full fres

Du kler bygdebunaden aldeles perfekt Odd. 😎🤘Rock'n roll og god sommer! Hilsen en østlandsk-bygdebunad-bruker.

Heimover er langt til Fres😊😢

Vidar Evju det er stil

Hva slags gitar er det du har der, tro?

Tenk om du og Terje tysland kunne ha laget ei låt sammen 🙂👍 Eventuelt tatt den låta Texas ( type duell på trekkspill)

Fresvik?

Who's gone fill his shoes?

Kul stil! Blir bra fres da ja

Full fres! 🎶

Kos dæ 🙂

Kor

Hvor er Fres?

Ser du har sko str. feleskrin.. nett som bror din ;9

Og i dag sit vi på Beitostølen og nyt lydprøvar frå både Ødd og resten som skal halde konsertar i kveld😊🎵🎵🎵

Fres i festen 🎶🎶🎶

Fresefest ikveld 😂

Ser fram te høræ dæ i morra på Trollrock 2022 - 10 år!😊

Bestevenn❤️🎵

Sweeeeet🤩👍

View more comments

4 weeks ago
Odd Nordstoga

@livestockfestivalen utruleg flott i Alvdal i helga. Foto: Ketil Plassgård ... See MoreSee Less

@livestockfestivalen utruleg flott i Alvdal i helga. Foto: Ketil Plassgård

Comment on Facebook

Oss storkosa oss ivertfall🤩 Thomas

Det var kjempeflott og ein veldig god utvalg av dine fantastiske sanger. Tusen takk Odd. Vi venter spent på din nye song. 😊

Fin den..

Knallfin konsert🤩🎶

Odda då 🤩

Takk for flott konsertoppleving 👏

Takk for god stemning👏🤩

Veldig bra konsert🤩 Takk for at du tok turen til Alvdal🌺🎼

Gisen hyle i bingn

Brage Iversen

View more comments

1 month ago
Odd Nordstoga

Tusen takk for i kveld på @bryggesleng i nydelege Helgeroa. Fantastisk stemning frå båtfolk og generelle folk! 👏👏🌹❤️ ... See MoreSee Less

Tusen takk for i kveld på @bryggesleng i nydelege Helgeroa. Fantastisk stemning frå båtfolk og generelle folk! 👏👏🌹❤️Image attachmentImage attachment

Comment on Facebook

Skulle gjerne ha vært der….men litt vel langt fra Elverum.

Lyden bar godt til en leilighet rett i nærheten. Takk for en herlig gratiskonsert. Hilsen en fan av din musikk 🎶🥰

Håper du holder koken til november i Asker🎼✨✨✨

Så flott, synd det ikke klaffet med når vi er på Hellandvik Odd, men masse hilsener her fra oss på setra i Hallingdal. God sommer videre!!

Jeg har ikke vært på Helgeroa…

Så bra Odd.😀

View more comments

Load more

Tekstar

Live

Bio

Odd Nordstoga er fødd 10. desember 1972 og vaks opp på garden Plassen i Vinje som yngst av fire sysken. I ungdomen var han aktiv del av det vitale folkemusikkmiljøet i Telemark. Som artist har Odd Nordstoga funne sin plass i krysset mellom populærmusikken og den norske tradisjonsmusikken. Han debuterte som plateartist med bandet Something Odd i 1997, for så i nokre år å drive meir med folkemusikken gjennom gruppa Blåmann Blåmann og i samarbeid med Øyonn Groven Myhren med prosjektet ”Nivelkinn” som hausta spelemannspris for beste folkemusikkplate.

 

I 2004 slo han stort igjennom med plata Luring som ved hjelp av slageren «Kveldsong for deg og meg» (Tekst: Ragnar Hovland) selde heile 160 000 eksemplar. Etter dette kom plata Heim te mor med låtar som ”Dagane” og ”Frøken Franzen” omtrent på same tid som serien ”Jul i Svingen” gjekk på NRK. Der hadde Nordstoga musikken saman med John Vinge. Same året spelte han også rolla som Fuglefanten i folkemusikkversjonen av ”Tryllefløyten” som turnerte heile Noreg og Sverige.

 

I 2008 gav han ut eit album bygd på tekstar av Stein Versto og Ragnar Hovland som fekk namnet ”Pilegrim”. Ein ny stor kommersiell suksess kom året etter, då han i lag med Sissel Kyrkjebø gav ut juleplata ”Strålande Jul” med ikkje mindre enn 350 000 selde eksemplar og 11 ganger platina trofè. Elias Blix-salma ”Upp gledjest alle” derfrå er i dag med Nordstogas melodi teke opp i den nye salmeboka. Plata ”November” kom året etter, med låtar som ”November” og ”No er tivoliet over” som dei mest kjende.

 

I 2011 kom ”Bestevenn”, som i sitt heile er inspirert av Maria Parrs bok ”Vaffelhjarte” og tv-serien med same namn, der Odd også laga score-musikken. Songane ”Bestevenn” og ”Ein farfar i livet” herfrå står vel i dag som noko av det som har sett djupast merke frå Nordstogas hand. ”Bestevenn” vart feira med to utselde hus i Operaen i Oslo og ein TV-konsert på NRK. Men noko Noregsturné vart det ikkje sett av plass til. Det var derimot planen heilt frå starten av på neste prosjekt. Igjen eit samarbeid med ein av Noregs store kvinnelege songfuglar, Ingebjørg Harman Bratland. Saman tok dei utgangspunkt i sin felles folkemusikalske oppvekst og laga plata ”Heimafrå” for så å reise på turne i små grendehus, ungdomshus og liknande rundt i heile landet. 132 konsertar på tre kvart år blei det, og det heile avslutta med to utselde konsertar i Den Norske Opera.

 

I 2015 kom ”Dette landet”. Eit album spelt inn i Atlantis Studio i Stockholm med brødrene David og Ivar Vogt som produsentar. Plata fekk spelemannspris for beste tekstar det året. Tekstane var skreve av Odd sjølv, men med tre bidrag av Stein Versto. Plata førde til omfattande turnering, og låtar som ”Dette landet”, ”Diesel og Bensin” og ”Kunsten å gå” har alle slege seg opp som store livefavorittar. Siste turné-runden for plata vart avslutta i heimbygda Vinje seinhausten 2016.

 

I februar 2017 gjekk Odd i studio att med sitt faste band dei siste åra: Torstein Lofthus på trommer, Tor Egil Kreken på bass, David Walumrød på tangentar og Øyvind Blomstrøm. Denne gongen gjekk turen til AmperTone i Oslo med Bård Ingebrigtsen som teknikar og coprodusent. Albumet viste seg å bli eit dobbeltalbum og fekk namnet ”Kløyvd”.

 

Same år vart Nordstoga spurt om å halde julekonsert i NRK-programmet ”Kvelden før kvelden”. Denne konserten vart innleienga på eit samarbeid med Det Norske Kammerorkester, som i 2018 kom med plata ”Jul”. Odd og Kammerorkesteret hadde både dette, og året etter store juleturnear.

 

2019 var også året då Nordstoga blei med 6 andre artistar og laga den niande sesongen av ”Hver gang vi møtes” . Sesongen gjekk på TV2 vinteren 2020, medan Odd sjølv la ut på ein 32 konsertar lang soloturné.

 

I starten av Covid-pandemien i 2020 slapp Odd albumet “Fatig Fredamann”, også denne gong produsert av Kåre Vestrheim. Vestrheim har produsert fem album med Nordstoga, og studioet han driv i lag med Mike Hartung, Propeller music division, er staden der flest Nordstoga-låtar har blitt spelt inn og miksa. Albumet fekk strålande mottakingar hos både publikum og meldarar, og den digitale konserten Odd spelte i regi av Koronerulling, samla inn over ein halv million kroner til Røde Kors sitt arbeid under pandemien.

 

I januar 2022, slapp Odd låta «Alt slik det var laga», skreven spesielt til NRK-serien Fotobonden. Musikken, skriven og produsert av Odd sjølv, vart nominert til Gullruten for «Beste originalmusikk». Hausten 2022 kjem eit nytt og sjøvprodusert album frå Nordstoga, som har fått tittelen “Inn i skogen».

The Early Years

Eg er fødd den 10 des. i 1972  som yngst av fire sysken. Dei andre syskena mine er Aasmund, Randi, Gunne og så meg til slutt.  Mor  mi heiter  Ellen og Far min er Olav. Eg har vel kome fram til at mi soge som vinbyggje i grunnen startar ved at mine besteforeldre kom til Rauland på 30-talet. Slik blei det vel litt raulending av mor mi. Far min var eldstemann på garden Plassen i Vinje grend. Og det var der eg voks opp etter at mykje vatn hadde runne ut i havet og ting hadde laga seg til at dei to altså blei gifte og slo seg ned og altså då fekk fire ungar inkludert meg.

 

Når eg var 8 år vart Vinje musikkskule skipa. Eg, som hadde prøva trekkspelet til syskenbarnet mitt, Irja, på Rauland, og fekk til ompa ompa på bassen ved fyrste forsøk, var derfor ”dømd” til å byrje med trekkspel. Læraren min var Erling Moen, og han er den eg lærde å spela trekkspel av.

 

Etter nokre få år der alle sat på kvar sitt rom og odla sine ferdigheiter på ulike instrument vart Vinje Junior Spelemannslag skipa. Læraren her var stort sett Stein Versto, men me spela også litt med Tarjei Romtveit minnest eg.  Reportuaret til juniorspelemannslaget var stort sett gamaldans, men av det reportuaret som er i hardingfeletradisjonen. Alt gjekk i E- dur, med ikkje mindre enn fire kryss, og det var ikkje moro for trekkspel, men det blei no ein vane.

 

På ungdomskulen byrja eg å spela gitar. Onkelen min budde i Geneve, og det var på ein tur dit at eg lærde av syskenbarnet mitt ”Six blade knife” med Dire Straits. I tillegg til 12 takterbluesen. Populærmusikken beit seg fast, og snart blei det i Juniorspelemannslaget utvida med ei bluesavdeleing. Snart blei, med bassist Hans Nesheim i spissen, også Gamlevegen blueslag starta. Det skulle bli eit ganske mykje brukt band til bryllup og festar og anna. Me heldt på heilt til eg reiste på folkehøgskule på Voss i 91.  Reportuaret vårt var alt mogeleg av popmusikk frå 60 og 70 talet. I frå Everly Brothers til The Waterboys. Me hadde ingen setliste og diskuterte oss fram til kva som ville vera beste trekk i høve til stemninga i salen mellom kvar låt. Nokon tydeleg profil hadde me ikkje. Men hadde ei eiga avdeling med gamaldans frå Juniorspelemannslaget, om det var det folket ville ha.

 

Voss folkehøgskule gjorde til at musikardraumen beit seg fast. Der blei bandet ”Det Norske” stifta. Namnet fekk me fordi me var det bandet på skulen som song eigelaga songar på norsk. (Det var stort sett dei same folka som var med i dei andre banda også)

 

Høgdepunktet i ”Det Norskes” karriere var på Kronstadfestivalen i Bergen, der me kom på tredjeplass. I BA skreiv Bård Ose at dette bandet burde få platekontrakt. Og derfor trudde me at me skulle bli store stjerner, blåsne opp av folkehøgskulens sjølvtillitspumpe som me var. Eg laga  to songar på folkehøgskulen. Det var ”Du er du” og ”Det som seiast om soli kan seiast om deg” To songar som neppe kjem til ein konsert nære deg.

 

Etter folkehøgskulen drog eg i militæret. Der gjorde eg som far min. Eg tok USK kurs i hærens sanitet. Mitt livs største kontrast til no var overgangen frå folkehøgskule til militæret. Så bar det til Bergen, for å treffe att dei eg hadde det så fint med på folkehøgskulen, som no gjekk på musikklina ved Bergen Lærarhøgskule. Åra i Bergen gjekk med til å bli lærarutdanna, samstundes som musikken tok stadig meir plass. Eg blei raskt shanghaia inn i ”Has anybody here seen Hank” med meg, Magne Tormodsæther og Geir Hansen.  Irsk musikk for alle penga. Og i starten var det veldig gøy. Men ein såg kanskje etterkvart at det beste var kanskje at The Pouges, Steely Dan og alle dei andre orginalene var betre enn kopien på luguber pub i Akersgata i Oslo og andre buler. I tillegg var eg med i studenteateret på Nygårdshøyden, me starta May Sissel band i lærarskuleklassa. Sistnemnde vart til Something Odd. Og siste året på Lærarskulen spelte me inn plate med same tittel. Der var det ein song som heitte ”Fuggel i karmen”, den fyrste songen eg hadde laga som folk ville høyre på av eigen fri vilje. Låten førde til platekontrakt med BMG og det blei ingenting av. Men har ein trua, så har ein trua. Eg let meg ikkje affisere nemneverdig av det, og heldt på. Helge Westbye kjøpte den neste plata vår, takka vera godt telefonarbeid av Geir Luedy. Den heitte Nordstoga, og ein soloartist var i emning.

 

På sida av dette held teg på med alt mogeleg anna. ”Fake it or leave it” med Kato Aadland og Knut Aafløy i spisen, skulekonsertar med min bror Aasmund, skulekonsertar med Øystein Fosshagen og mykje anna. Og det var det som skulle vise seg å vera vegen frametter. Me hadde diverse crossoverprosjekt med fokemusikk. Det viktigaste skulle bli Blåmann Blåmann. Der me på mange vis tok opp tråden frå folkemusikkmiljøet frå ungdomstida i Vinje. Ideen var rett å slett å sende unge folkemusikarar til Tyskland for å promotere Telemark som reisemål. Me spelte inn plate på Grappa og hadde ei karriere så ljos som berre det. Og så moro som me hadde det har eg aldri hatt det i musikkens teneste. Det hjelper med bra folk som ein kjenner med god sans for humor, og at ting ikkje går som det skal er jo det som lagar ei god historie. Slikt var det mykje av.

 

Så ringde Øyonn Groven Myhren og me starta med Nivelkinn, eit prosjekt som fekk både vanvittig bra omtale og spelemannspris. Så ringde Herborg Kråkevik, som eg kjende frå ei filminnspeling i 1991 – Det Rare.  Dermed hoppa eg på ”Edith og Eg” og kom i kontakt med manager Bjørn Nessjø.  Men personen som fekk samla musikken min saman til eit uttrykk som blei omfamna av alle. Det var Kåre Vestrheim. Eg spurde han og Geir Sundstøl, to skikkelsar eg såg veldig opp til, og så vidt hadde litt kontakt med, om å bli med å lage ei innspeling av nokre låtar eg dreiv på med.  Me drog til Bruket der Kåre hadde eit lite studio og var der i eit par dagar, finansiert av pengar eg hadde søkt om og fått. Det blei bra saker, og Kåre spurde faktisk om eg ville jobbe vidare med dette i Propeller med han som produsent. Platekontrakt hadde eg jo ikkje. Men Kåre hadde trua. Og det hadde Terje Pedersen på Warner også. Men det blei Universal som til slutt fekk kontrakta på dette, og takka for tilliten med å selge 160 000 eks av solodebuten min ”Luring”.  Ei plate som på mange vis er eit ganske så godt nedkok av alle mine sprik og krumspring i musikken fram til då, og den gav meg ei eiga stemme og heile landet å spela for.

Kontakt

BOOKING/MANAGEMENT:
Stageway
Sigve Presnes
sigve@stageway.no
+47 982 85 104

 

Ida Vaage Svee
ida.svee@stageway.no
+47 412 91 031

 

PRESSE:
HES PR
Erle Strøm
erle@hes.no
+4799004303

Nyheitsbrev

Ved å gje denne informasjonen melder du deg på for å ta imot e-post frå Odd Nordstoga. Der får du nyheiter, spesielle tilbod, kampanjer og meldingar skreddarsydd etter dine interesser, samt at du godtek Universal Music Norge AS si personvernserklæring og vilkår.