Biografi

Foto: Agnete Brun

Odd Nordstoga er fødd 10. desember 1972 og vaks opp på garden Plassen i Vinje som yngst av fire sysken. I ungdomen var han aktiv del av det vitale folkemusikkmiljøet i Telemark. Som artist har Odd Nordstoga funne sin plass i krysset mellom populærmusikken og den norske tradisjonsmusikken. Han debuterte som plateartist med bandet Something Odd i 1997, for så i nokre år å drive meir med folkemusikken gjennom gruppa Blåmann Blåmann og i samarbeid med Øyonn Groven Myhren med prosjektet ”Nivelkinn” som hausta spelemannspris for beste folkemusikkplate.

I 2004 slo han stort igjennom med plata Luring som ved hjelp av slageren «Kveldsong for deg og meg» (Tekst: Ragnar Hovland) selde heile 160 000 eksemplar. Etter dette kom plata Heim te mor med låtar som ”Dagane” og ”Frøken Franzen” omtrent på same tid som serien ”Jul i Svingen” gjekk på NRK. Der hadde Nordstoga musikken saman med John Vinge. Same året spelte han også rolla som Fuglefanten i folkemusikkversjonen av ”Tryllefløyten” som turnerte heile Noreg og Sverige.

I 2008 gav han ut eit album bygd på tekstar av Stein Versto og Ragnar Hovland som fekk namnet ”Pilegrim”. Ein ny stor kommersiell suksess kom året etter, då han i lag med Sissel Kyrkjebø gav ut juleplata ”Strålande Jul” med ikkje mindre enn 350 000 selde eksemplar og 11 ganger platina trofè. Elias Blix-salma ”Upp gledjest alle” derfrå er i dag med Nordstogas melodi teke opp i den nye salmeboka. Plata ”November” kom året etter, med låtar som ”November” og ”No er tivoliet over” som dei mest kjende.

I 2011 kom ”Bestevenn”, som i sitt heile er inspirert av Maria Parrs bok ”Vaffelhjarte” og tv-serien med same namn, der Odd også laga score-musikken. Songane ”Bestevenn” og ”Ein farfar i livet” herfrå står vel i dag som noko av det som har sett djupast merke frå Nordstogas hand. ”Bestevenn” vart feira med to utselde hus i Operaen i Oslo og ein TV-konsert på NRK. Men noko Noregsturné vart det ikkje sett av plass til. Det var derimot planen heilt frå starten av på neste prosjekt. Igjen eit samarbeid med ein av Noregs store kvinnelege songfuglar, Ingebjørg Harman Bratland. Saman tok dei utgangspunkt i sin felles folkemusikalske oppvekst og laga plata ”Heimafrå” for så å reise på turne i små grendehus, ungdomshus og liknande rundt i heile landet. 132 konsertar på tre kvart år blei det, og det heile avslutta med to utselde konsertar i Den Norske Opera.

I 2015 kom ”Dette landet”. Eit album spelt inn i Atlantis Studio i Stockholm med brødrene David og Ivar Vogt som produsentar. Plata fekk spelemannspris for beste tekstar det året. Tekstane var skreve av Odd sjølv, men med tre bidrag av Stein Versto. Plata førde til omfattande turnering, og låtar som ”Dette landet”, ”Diesel og Bensin” og ”Kunsten å gå” har alle slege seg opp som store livefavorittar. Siste turné-runden for plata vart avslutta i heimbygda Vinje seinhausten 2016.

I februar 2017 gjekk Odd i studio att med sitt faste band dei siste åra: Torstein Lofthus på trommer, Tor Egil Kreken på bass, David Walumrød på tangentar og Øyvind Blomstrøm. Denne gongen gjekk turen til AmperTone i Oslo med Bård Ingebrigtsen som teknikar og coprodusent. Albumet viste seg å bli eit dobbeltalbum og fekk namnet ”Kløyvd”.

Same år vart Nordstoga spurt om å halde julekonsert i NRK-programmet ”Kvelden før kvelden”. Denne konserten vart innleienga på eit samarbeid med Det Norske Kammerorkester, som i 2018 kom med plata ”Jul”. Odd og Kammerorkesteret hadde både dette, og året etter store juleturnear.

2019 var også året då Nordstoga blei med 6 andre artistar og laga den niande sesongen av ”Hver gang vi møtes” . Sesongen gjekk på TV2 vinteren 2020, medan Odd sjølv la ut på ein 32 konsertar lang soloturné.

I starten av Covid-pandemien i 2020 slapp Odd albumet “Fatig Fredamann”, også denne gong produsert av Kåre Vestrheim. Vestrheim har produsert fem album med Nordstoga, og studioet han driv i lag med Mike Hartung, Propeller music division, er staden der flest Nordstoga-låtar har blitt spelt inn og miksa. Albumet fekk strålande mottakingar hos både publikum og meldarar, og den digitale konserten Odd spelte i regi av Koronerulling, samla inn over ein halv million kroner til Røde Kors sitt arbeid under pandemien.

I januar 2022, slapp Odd låta «Alt slik det var laga», skreven spesielt til NRK-serien Fotobonden. Musikken, skriven og produsert av Odd sjølv, vart nominert til Gullruten for «Beste originalmusikk». Hausten 2022 kjem eit nytt og sjøvprodusert album frå Nordstoga, som har fått tittelen “Inn i skogen».

I 2023 hadde det gått 10 år sidan Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland laga prosjektet “Heimafrå". Denne gongen ville dei blande inn meir orginalmateriale i fokemusikken. Albumet "Langt heimafrå” skulle bestå av nye songar signert Odd Nordstoga blanda med nokre viser og stev frå heimtraktene. Sjølve plata ble spelt inn delvis i Irland, med syskenparet Séamus og Caoimhe Uí Fhlatharta som gjester, og delvis i Oslo, med Kåre Vestrheim som produsent. Og då plata kom ut var det tid for turné. Det er på konsertar at Ingebjørg og Odd sitt stoff kjem skikkeleg til sin rett. Det viste seg også fort at publikum var einige i dette, når det eine konserthuset etter det andre vart utseld. Turnéen som skulle rundas av i starten av desember 2023 enda til slutt langt uti sommaren 2024. Då hadde dei spelt godt over 100 konsertar for meir enn 50 000 folk. Når Ingebjørg og Odd slår seg i lag, er det aldri langt til den rike folkemusikk-arven dei begge har med seg frå barndommen. Stemmene deira har på mange måtar vakse opp i det same jordsmonnet. Kanskje det er difor dei to har blitt ein stor duo i norsk musikkliv.