Heimafrå
-
Fritt etter Hagny Huso, Vinje
Eg sit her som stengd i eit fengsel
bak glitrande, snøkvite fjell
Å, visste du berre min lengsel,
så kom du kvar einaste kveld
Eg ville frå verdi meg gøyme,
men så kom du inn på min veg
Eg ser deg, og kan deg ‘kje gløyme
Du leikar i tanken hjå meg
Når soli bak åsen seg gøymer,
og sender sitt ljos i gullflaum,
då lengtande på deg eg tenkjer
Du leikar kvar natt i min draum
Kvi’ sit du så einsam og sturen
på hytta kvar einaste kveld
Kom heller til meg her på fjellet
Eg skal sulle deg burt med min song
-
Regle frå Setesdal
Melodi: Odd Nordstoga
Olav, Olav kyre di er dau!
kyre heve kalva og kalven er raud
Olav, Olav, kaup deg att ei kyr!
nei, svara Olav, svara Olav ho blir meg for dyr
Olav, Olav, kaup deg ein stut!
Nei, svara Olav, eg blir ingen fut
Olav, Olav, kaup deg ei geit!
Nei, svara Olav, ho blir ikkje feit
Olav, Olav, kaup deg ein sau!
Nei, svara Olav, han ligger snart dau
Olav, Olav, kaup deg ein gard!
Nei, svara Olav, den fær eg av far
Olav, Olav kaup deg ein hest!
Ja, svara Olav, den tener meg best
-
Trad. etter Åshild Wetterhus, Numedal
Svein Svane han reiste den vegen så lang
Så møtte han på vegen ein vandrande mann
Høyr du vandrande mann, hva jeg sier til deg
Gi meg svar på de spørsmål jeg forlanger av deg
Og hvem er så rundar’ enn rundaste hjul?
Og hvem sjunger vakrast av all kreatur?
Og hvem er så hvitere enn svanen?
Og hvem roper høyere enn tranen?
Jau, månen er rundar’ enn rundaste hjul
Og engelen sjunger vakrast ut av all kreatur
Og sneen den er hvitere enn svanen
Og torden ropar høgare enn tranen
Og hvem kan så bygge den breiaste bro?
Og hvem strider mest i den strideste flod?
Hvorhen går så veien den brede?
Og hvor går nå dem som er nede?
Jau, isen den bygger den breiaste bro
Og fisken strider mest i den strideste flod
Til helvete går veien den brede
Og dit går nå dem som er nede
-
Trad. etter Margit Tveiten, Grungedal
Farvel, farvel jeg eder byder
Farvel med hjerte hånd og mund
Det ord har meget at betyde
For kristne i skilsmissens stund
Kun den som går langs Herrens veie
og hviler i sin frelsers skjød
Kun den kan fare vel og eie
den søte fred i liv og død
Vi sees igjen når Kristus kommer
i skyen med sin engletropp
Vi sees igjen når livets sommer
i himmerike rett går opp
Hos herrens folk i sabbatshvile
Vi sees igjen, om ikke før
Kom brødre, søstre lad oss ile
hen med vår bønn til herrens dør
O, Fader vår, du dig forbarme
Nu over hver som ærlig tror!
O, spenn din nådes hulde arme
om dine børn på denne jord
O, hjelp oss alle så at vandre
i tro og håp og kjærlighet
At vi kan samles med hverandre
hos deg i evig fryd og fred
-
Tekst og melodi: Odd Nordstoga
Fritt etter Aslak Høgetveit, VinjeÅ, guten gjekk på golvet og skitna sin sko
og jenta sat i båsen og knisla og lo
Si bisselileluleli saveliolei
Å jenta gjekk i enga og nysste sine strå
og guten stod og smilte av det han tenkte på
Si bisselileluleli saveliolei
Si bisseli luleli saveliolei
Si bisseli luleli saveliolei
Si bisselileluleli saveliolei
Å, nei alli, alli
alli, alli meir
vil livet lulle og lyse slik for dei
Si bisselileluleli saveliolei
-
Trad. etter Brita Bratland, Edland
Det går ein slusk utpå vår gård,
– sa’e bonden
Lukk opp, slepp han inn
Kan hende er det friaren min,
– sa’e bondens hustru
Hòrr skò slusken sitje då?
– sa’e bonden
På ein stol ved mitt bord
Eta mat og spila kort
– sa’e bondens hustru
Hòtt skò eta gjera då?
– sa’e bonden
Surran sild og ròti kål
te ein mage som er tom
– sa’e bondens hustru
Hòrr sko eg liggje då?
– sa’e bonden
Under mitt bord, i ein krok
Sova der fe utta ro
– sa’e bondens hustru
Hòrr skò slusken liggje då?
– sa’e bonden
I mi seng, på min arm
Sova der fe utta harm
– sa’e bondens hustru
Lus og loppur et meg upp
– sa’e bonden
Snu deg om, bit igjen
Og kjem det fleire, tek du den
– sa’e bondens hustru
-
Trad. etter Brita Bratland, Edland
Liten Kirsten hun var no så fager en møy
– Å den lilja
og kongens son han vil for henne døy
– I vår stall der har hun tent i stor løyndom
” Eg helsar deg konge og spørja deg må:
Å skal no ikkje kongen ha ny stalldreng i år?”
Og kongen han svara liten Kirsten så bratt:
“Jau, han skal hava stalldreng, og den må vera rask!”
Om dagen rir Kirsten dei folane i eng
Men om natten da sover hun i kongesønnens seng
Om dagen rir Kirsten dei folane te’ vanns
Men om natten da sover hun på kongesønnens arm
Liten Kirsten hun blev så forunderleg arm
Hun klarer ikke ride når solen skinnet varm
Å konungen han ganger seg te’ følastallen ned
Der fant han liten Kirsten, hun lå krypendes på kne
Å konungen han breidde ut kåpa si blå.
Liten Kirsten ho fødte to små drengeborn derpå
“Nu har jeg været konge i syvogtyve år
Men aldri har en stalldreng født barn for i år.”
Å konungen han satte lille Kirsten på sitt fang
Så sette ‘n på a kruna og dronnengji sitt namn
Og der blei det glede og der blei det gaman
Og der blei det brudlaup og dåp tilsaman
-
Tekst: Jørund Telnes
Meldoi: Trad.
etter Hillborg Romtveit, Vinje
Kvelden feller skuggar
Mamma båni ruggar
Røsen skal ‘kje koma inn
med den fæle ungen sin
når mamma sit og sullar
Mamma feller tårir
ivi salte bårir
Papa fòr til anna land
Heim han inkji koma kan
før guten kjem med årir.
Sov min søte sulli
Gjevare hell gulli
Bli lik snille papa din
Han er glad i guten sin
Og han låg au i tulle
Det er stilt i stoga
No skal båni sova
Sov og drøym og veks deg stor
Liti gull te far og mor
Og så må båni sova.
-
Tekst: Jørund Telnes
Melodi: Hans Matthison-Hansen
Etter Ellen B. Nordstoga, VinjeÅ ban og veslegut heiter eg,
og pil og boge hev eg med meg
Kom reven raude.
no skò du daue, no skyt eg degÅ rev du slett alli tenkje må
at du meg lombi skò stela frå
Kjem du i skogen,
eg skyt med bogen, skò du få sjåBurtafor stoga ein bekk der renn,
der set eg upp både sag og kvenn,
og bygger båtar
bad’ skip og flåtar
på sjøen finTe mast eg set upp ei hanafjør
og så te Gull-landet då det ber
Sjå skipet reilar*
Ja, sjå det seilar. Snart er me derSå kjem eg att med ei tunne gull,
med lomb og sauir og silkeull,
og fuglar kjøne**
båd’ blå og grøne, som syng i krull -
Trad. etter Talleiv Røysland, Lårdal
Ro fjorden, ro fjorden
Ro fjorden, spring kroken
Smett under dei buskar
Lat ingen deg sjå
I Geitebubakkjen der gjeter eg fe
Der finne du meg
Hòss tru det er laga, han kjem ikkje no?
Her er no slik skodde, han ser ‘kje te ro
Kjem han ikkje i kveld, så kjem han vel lell
Kjem han ikkje i natt, kjem han alli, alli att!
Ro fjorden, ro fjorden
-
Kommer.
Dette Landet
-
Du kan tru på himmelen
Du kan tru det du vil
Du kan tru at det blir betre
Om du berre prøvar alt du kan litt tilDu kan tru på dei som sel deg
oppskrifta på å leva i di tid
Du kan tru at det er noko nytt på gang
Når du blir fortalt det som har vore kjent i evig tidOg du kan tru meg på mitt band til deg
Men aleine du! Det tyngre veg
Så lei med meg aleine du, aleine eg og du
Lei med meg aleine du, aleine eg og duDu kan tru på dine krefter
Du kan tru på dine val
Du kan tru på meg og oss to
Setje oss i ei slags eining og ein malOg du kan tru meg på mitt band til deg
Men aleine du! Det tyngre veg
Så lei med meg aleine du, aleine eg og du
Lei med meg aleine du, aleine eg og duFor alt du eig for sikkert
er ei bøtte full av lengt
og ho ligg der framme i tida
full med det du hadde tenktSå lei med meg aleine du, aleine eg og du
Lei med meg aleine du, aleine eg og du -
Eg er ute veldig tidleg
Eg er ute og går
med folka dei søv
og maskinene står
Og rutene er isa
på alle bilar eg ser
Og sjøen ligg der som ein spegel
og ubrukt nedi derEg prøvar kunsten å gå
Gatene er stille
Skogen ligg der dus og grå
Det er som heile verden
som det er meg den ventar på
Det er eg som er i rørsle
Det her er mitt initiativ
Det er eg som har serven
serven i mitt livEg prøvar kunsten å gå
Og ser du meg der ute
i morgondisen gå
som eit dyr der utpå jordet
før det ikkje lenger er å sjå
Har du lov om du er stille
og ikkje er meir enn du må
vera med på denne fyrste kunsten
mennesket kom påOg det var kunsten å gå
-
Ville berre sei eit ord
Ville peike på eit spor
Ville skru musikken ned og gje beskjed
Ville leite fram ei sak
som ligg og støvar ned der bak
som er sann om den er gløymd og skitna tilVille sei deg som min bror
Dette landet er di mor
Ville seia det av glede og av trong
til å minnast den fine og heimlege hamn
som gjev luft og vide venger for min songSkulle gjerne nok ein gong
syngje fjellets store song
om breane og viddene og snøen
Men eg vender blikket ned
og så stansar eg ved det
som gror av trass og vilje utpå bøenVille sei deg som min bror
Dette landet er di mor
Ville sei det som eg meinte det eg sa
Som eg tok av meg lua for blomar og blad
og takka det frå inni meg ein stadOg alltid er det lite me kan gjera
For Noreg er ein liten prikk i nord
Men paven er ein liten prikk i Roma
så slik sett så er kongen like stor
Det er ‘kje sant at her er lite, me er mange
Det er ‘kje sant at her er smått, nei her er stort
Og det er sant det, at me elskar dette landet
og den du møter etter vegen er din brorVille berre sei eit ord
Ville peike på eit spor
Ei bøn ifrå den store blåe jord
ifrå skog og ifrå hav
ifrå alt me haustar av
At me snart må finne vegen ut av ordFor det ropar til oss, bror
Dette landet er vår mor!
For det ropar på vår ære og vårt band
til å vara den fine og heimlege hamn
som lyser oss imot og er vårt land -
Eit berg med ei dør i,
inn til ein venn
Eit sår som det blør i,
igjen og igjen
Eg ropar mot berget
Døra finst ikkje meir
Og berget går folk no forbi,
fleire og fleir’Eg står her i sola
Eg står her i dis
Når månen stig mellom trea
og berget dekkjest av is
Eg leitar i blinde
etter det som set fri
Eg minnest den gongen
då du og eg var viÅr går, år går
Kom heim til menneska, venn
Kom heimEg står her og sveittar
Eg står her og frys
Når månen stig mellom trea
og berget dekkjest av is
Eg leitar i blinde
etter det som set fri
Eg minnest den gongen
då du og eg var viEin fugl på ei grein
Ein tone frå kvist
Ein song gjennom skogen
Stengd, ikkje mist
Eg ropar mot berget
Røysta framand og ny
Kanskje det som skal til for å nå deg
i ditt steintunge lyÅr går, år går
Kom heim til menneska, venn
Kom heim -
Du kan tru på himmelen
Du kan tru det du vil
Du kan tru at det blir betre
Om du berre prøvar alt du kan litt tilDu kan tru på dei som sel deg
oppskrifta på å leva i di tid
Du kan tru at det er noko nytt på gang
Når du blir fortalt det som har vore kjent i evig tidOg du kan tru meg på mitt band til deg
Men aleine du! Det tyngre veg
Så lei med meg aleine du, aleine eg og du
Lei med meg aleine du, aleine eg og duDu kan tru på dine krefter
Du kan tru på dine val
Du kan tru på meg og oss to
Setje oss i ei slags eining og ein malOg du kan tru meg på mitt band til deg
Men aleine du! Det tyngre veg
Så lei med meg aleine du, aleine eg og du
Lei med meg aleine du, aleine eg og duFor alt du eig for sikkert
er ei bøtte full av lengt
og ho ligg der framme i tida
full med det du hadde tenktSå lei med meg aleine du, aleine eg og du
Lei med meg aleine du, aleine eg og du -
Sofaen du sat i er eit skip på veg mot nord
Skorne du tok av deg er to nesten like ord
Det du sa er bilete på veggen her eg står
Eg kan ‘kje lenger fatte at du var hos meg i gårEg syng meg ein song før eg sovnar no i kveld
Det ligg ei hand kring mi, men det er eg sjølv som held
Så slår eg songen kring meg før eg legg meg, som eit pledd
og veit, trass alt, at verre ting enn dette kunne skjeddJa, eg slår songen kring meg før eg legg meg, som eit pledd
og veit, trass alt, at verre ting enn dette kunne skjeddNatteskjermen lyser med eit brev du skreiv ein vår
“Dette er det største som har hendt på mange år”
Byen er ei øy, og eg er Robinson der
Fredag sette skorne att med kurs mot fjerne skjerMen eg slår songen kring meg før eg legg meg, som eit pledd
og veit, trass alt, at verre ting enn dette kunne skjedd -
Ref:
Det var diesel og bensin
som førde meg til deg
Du stod der etter vegen
og så sat du på med meg
Og eg trur at det var
noko der som du fann
i mitt einsame hjarte
som du tende og brannDet var sommar og vind
og det var solbrune kinn
Då me tok vegen til kjærleik
og vidare inn
med dei magiske fartøy
som baud oss på skyss
til paradiset og lenger
i kvart bidige kyssRef…
Me var heile armeen
i vår festning av stål
på vår tosame røming
der me alt var i mål
Me var brødre i blod
og det elskande par
og spør meg om lukten
den lukten minnet harOg farten var stor
så me to skull’ bli tre
Men det lyste der framme
av det der som skull’ skje
Så når barnet det kom
Mellom oss var det reint
men det var klampen i bånn
som gjorde at me den dagen
ikkje kom for seintOg det var fint det
Det var glede og slit det
for vårt møte etter vegen
hadde ført like hit
Og ingen trong ut
på den lokkande veg
Når det freste og brann
av eldar inni degRef…
Så blei bakken for tung
og det koka og brann
og ventilane klapra
og ifrå toppen det rann
Men alt under trykk
det stod og freste i ro
Og det var alt som det skulle vera
men det stampa og stoNo står eg her ute
på ein haustfrosen veg
med mykje av greit nok
men det er lite som dreg
Skogen den lutar
og stjernene heng
og tek eg til å springe
når eg kjem på det som eg trengRef…
-
Ho ser ingen vondskap
men snur seg ifrå
og tenner eit ljos for det gode
Så breier ho dynene over dei små
og vekker dei opp med å smile
Du høyrer ho syng på ein glad melodi
når ho ein morgon går utOg rett som det er kan du ta deg i
at verden den er både ljos og blid
Ja det lysnar av dag når ho fér forbiEg trur ‘kje ho er med i kampen mot
det vonde som rår her i verden
Men likevel er ho den beste bot
og våpen mot heile den svermen
av mørke og ufred og fiendskap
og djevelens verk her på jordJa for rett som det er…
Eg syng hennar song for at det var ho
For at det var ho som vann krigen
Det vonde fekk tapa for den som var god
Det var kjærleik som vann over striden
Og kvart minutt er det det godes sjans
til å flytje sin front lengre framOg rett som det er…
-
Utanfor ei bikkje står og remjar og vil inn
Utanfor ei bikkje står og remjar og vil inn
På ruta set ho søylestrek med bikkjepoten sin
Utanfor ei bikkje står og remjar og vil innInne er det sjung og falleri og fallerei
Inne er det sjung og falleri og fallerei
Det er gåsesteik til middag og det er pjolterglas på snei
Inne er det sjung og falleri og fallereiOh Lord, vil du gjeva meg litt
Gjev meg ein bit til mine små bein
Vinden er kald Lord
Eg frys og vil inn
Vil du alli alli sleppe meg inn
Vil du alli alli sleppe meg inn
Vinden er kald Lord
Eg frys og vil inn
Oh Lord vil du sleppe meg innIfrå bikkjetiggetruten bikkjesikkelet det renn
Fløtesausen sivar og i bikkjenasen brenn
Men ingen kjenner bikkja så ho blir der som ho står
I den kalde setternasa er det raude hakk og sårOh Lord, vil…
Lang nord i skogen venta fire ungar små
Så mjuke til å kjenne og så fine til å sjå
Og dei ventar på mor, ventar på mor
Men vinden den er kald og svolten den er stor
Og dei ventar på mor, ventar på morOh Lord, vil…
-
Eg har ein hemmeleghet som ingen veit
Den tek eg med meg når eg går
Og på min gravstein vil det ikkje stå
noko hint av noko slag så du forstår
Når me er ute i ei sommarnatt
og er fortrulege og opnar våre sinn
Då er det noko der
Då er det noko som eg stenger innEg har ein hemmeleghet som ingen veit
Og den har litt å sei for deg
Det ville riste både opp og ned
på det du tenkte du, og oppfatta av meg
Det er sannsynleg at du ville gå
å grunne i eit liv på det eg sa
Så eg held på det
og det trur eg at er braDet er ein kald vind
Ein kald, kald vind
Noko eg må bera på
som du ikkje treng å sjå
Men har ikkje alle ein slik liten vind
Eller eit skår som ein tek med seg når ein gårEg har ein hemmeleghet som ingen veit
som du meg stadig minner på
Når me no sit og er på restaurant
og har betala og no skal me vel til å gå
Du sit og skuler og så spør du meg om eg er ok
om alt er bra, om eg er trist?
”Nei, nei då!” sei’ eg
Men tenker at du skulle visstOm ein kald vind
Ein kald, kald vind
Noko eg må bera på
som du ikkje treng å sjå
Men har ikkje alle ein slik liten vind
Eller eit skår som ein tek med seg når ein går -
Ein båt heilt utan segl og bør
Eit ope hav, ein gitar
Ein song og ein fugl du såg ein gong før
Elles ingenting som det varEit land i sikte, men langt i nord
Dit kjem nok ikkje du
For havet er stille og båten er stor
Finst ikkje ror, vil du snu– Og sola går ned i havet
Og natta stig opp av kavet –Og havet er fullt av stjerner no
Magellanske skyers glans
Og båten er borte, men straumen er god
i seglarens himmelkransJa, båten er borte og rommet er vidt
Eit svimlande brus gjennom alt
Libra og Hercules er du alt kvitt
Ei segn, ein gong fortaltOg du glid inn i ditt vesens grunn
Eit ope alt, ein gitar
For du er songen i fuglens munn
Ein tone som ein gong var
Inn i skogen
-
Tekst og musikk: Odd Nordstoga
Her er skogen
Her er stien
Her er fura stor og feit
Her er duva som har brevet
Her er reven som allting veitHer er myra
Her er molta
Her er songen frå ein bekk
Her er ugla som har svaret
på det du gløymde vekkHer er alt det som du minnest
i din fot og di hand,
som du gløymde då du ivrig
gjennom tidene for fram
Her er alt slik det var laga
då du ein gong kom i landHer er blomar
Her er enga
Her er stein og her er jord
Her er elgen borti kanten –
var det den du såg i fjor?Her er fjellet
opp mot himmelen
Det er for tungt og stort for ord
Men det er dit du snur ditt auge,
for det er der at lengten grorHer er alt! Og alt er heime,
knytt i hop med skøyre band
Og dei før deg, dei for stille
når dei gjennom her for fram
Her er alt slik det var laga
då du eingong kom i land -
Tekst og musikk: Odd Nordstoga
Eg vil ikkje ver’ i fare, eg vil ikkje vera kald
og eg vil vera sikker på å kom’ fram der som me skal.
Eg vil ikkje bli for våt og eg vil ikkje bli i beit,
så eg må alltid vita det at du er den som veit, eg.Eg vil ikkje vera fyrst, eg vil ikkje vera sist
og eg toler ‘kje kom’ heim att, og det er noko eg har mist.
Eg vil ikkje gå å leite, det må ver’ funne det eg finn.
Og eg vil alltid vera blant dei fyrste te gå inn, eg.Kor har alle roser reist,
premien som eg såg koma?
Eg gjekk vegen utan feil,
fint og beint!
Fint og beint eg fylgde låma.Eg vil ikkje ver’ i fokus, eg vil ikkje velje fyrst,
eg vil drikke mine glas med nokon enno meire tyrst,
eg vil ikkje meine meir enn at det funkar om eg snur
og eg vil alltid tru på det dei fleste andre trur, eg.Eg vil ikkje ver’ i fare, eg vil ikkje vera kald
og eg vil vera sikker på å kom’ heim att når eg skal.
Du har sett det hundre gonger, alt det eg vil sjå.
Du kan banne på ‘n er vara, den vegen eg skal gå.Kor har alle roser reist,
premien som eg såg koma?
Eg gjekk vegen utan feil,
fint og beint!
Fint og beint eg fylgde låma.Kor blei alle vener av,
og den lukka eg blei lova?
Eg gjor’ aldri noko skeivt,
men fint og beint!
Og no får eg ikkje sova. -
Kommer.
-
Tekst og musikk: Odd Nordstoga
Som eit snøflak i desember
som kjem dalands og smeltar på di hand.
Og som linerla om våren
som så liketil velsignar dette land.
Som eit vindblaff i gardina
som seier: «Hei! Her er det liv i alle ting.»
Ja, som morgonen som lyser inn, er det.
Og det lyfter denne dagen
så lett som ingenting.Slik kan det ver’ når du er ikring:
Så lett, så lett som ingenting.Og når du gløymer litt å prøve
det å likne på dei du helst vil bli.
Når du trur du er åleine
og syng så fritt og ledig på ein melodi.
Ja, når garden din er nede
og let det lyse frå ditt unge sinn.
Som morgonen som lyser inn, er det.
Og det lyfter denne dagen
så lett som ingenting.Slik kan det ver’ når du er ikring:
Så lett, så lett som ingenting.Og når eg sit her borti sofaen så grå
og gneg på alle sorger som eg kan finne på.
Så kjem du, og du tenker nok at det var ingenting, du,
for du ser ikkje alt det mørke, du, som forsvinn
og morgonen som lyser inn!Slik kan det ver’ når du er ikring:
Så lett, så lett som ingenting. -
Tekst og musikk: Odd Nordstoga
Kven er det som treskar over isen?
Det er far som er ute på ski
med lua si godt oppi panna
på eit hovud som har teke fri.
Og takta er ujamn, men rullar
seg fram i sin asymmetri.
Det er knirk i binding og sus i ski,
eit søkk og eit dirr når ein stav går i
og det fins både tekst og ein melodi.
Ja, det fins både tekst og ein melodi
i eit treskeverk som rullar forbi
når far, når far er ute på ski.Og tankane byrjar å flyge
i kloke og lure ord
om det han skulle seia til sjefen
og det han skulle sagt te mor.
Det rullar seg ut dialogar
med lysande bra poeng
i knirk i binding og sus i ski,
i eit søkk og eit dirr når ein stav går i
der fins både tekst og ein melodi.
Ja, der fins både tekst og ein melodi
i eit treskeverk som rullar forbi
når far, når far er ute på ski.Snart er det sjølve romanen
som vaker her like ved.
Orda er nesten på tunga.
Det er ein kjempe-romanidé.
Far finn fram telefonen,
må stoppe og ta notat.
Så blir alt borte på ein to tre.
Men i knirk i binding og sus i ski,
i eit søkk og eit dirr når ein stav går i
der fins både tekst og melodi.
Ja, der fins både tekst og ein melodi
i eit treskeverk som rullar forbi
når far, når far er ute på ski. -
Tekst og musikk: Odd Nordstoga
Dans denne dansen!
Kanskje er det siste sjans for i kveld
– for alltid.
Rytmane rullar, og eg er litt full.Og det er godt nok, det her.
La båtane fara, la toga få gå
for det er godt nok her.Snart helsar dagen.
Draumar skal jagast på gater og torg
– som alltid.
Då skal eg minnast din barm imot min.For det er godt nok, det her.
La ljosa få brenne, la glasa berre stå
for det er godt nok her.Ja, det er godt nok, det her.
La oss få vakne opp i morgon og sjå
at det er godt nok her.Det er godt nok, det her.
La båtane fara, la toga få gå
for det er godt nok her. -
Tekst og musikk: Odd Nordstoga
Eg kunne sagt det like til deg,
men det ville ‘kje vor’ rett.
Eg kunne gripe deg i handa
og halde deg tett,
men det ville vor’ for mykje,
ville koma som eit sjokk,
for det som låg i lufta
det ha’ ‘kje lege lenge nok.For du må løyse nokre skruar
før eit hjul kan gå av.
Du må snu nokre sider
før du har lese eit blad.
Det må smelte innpå fjellet
før det kan fosse i ei li.
Og du var her ganske lenge
før du sa du ville bli.Og det var ‘kje oss.
Det var bekkane som rann.
Knoppar skaut,
det var fuglar som kom frå eit varmare land.
Det var is som brast og sette alt fri,
så det fekk starte reisa mot det det skulle bli. -
Tekst og musikk: Odd Nordstoga
Ser rundt meg på dei ørsmå ting –
det varme vatnet ifrå kjøkenspring,
ein omn som lyser for at den er på,
ein buss i gata som er ved å gå.
På butikken er det fullt av mat –
importerte eple og det er grøn salat.
Eg tenkte ikkje på det der i går.
Eg tenkte ikkje på det.I går så var det eigne draumar
og eigne hjartesår.
Og snart så var det vår!
I går så var det småting som var stort på tv-en vår.
No trur eg alle vel forstår
at det der –
det var i går.På radioen er det ein ting i,
for no har det kome ei heilt ny tid,
som kallar fram eit velkjend mareritt
som gjekk igjen på guteromet mitt:
Inn ifrå aust, ut av ei grå, tung sky,
skar rett imot, to svarte jagarfly.
Eg tenkte ikkje på det der i går.
Eg tenkte aldri på det.I går så var det eigne draumar
og eigne hjartesår.
Og snart så var det vår!
I går så var det småting som var stort på tv-en vår.
No trur eg alle vel forstår
at det der –
det var i går.I går så var det eigne draumar
og små, små hjartesår.
Og snart så var det vår!
I går så var det småting som var stort på tv-en vår.
No trur eg alle vel forstår
at det der –
det var i går. -
Tekst og musikk: Odd Nordstoga
Far min han er bonde.
Eg er ein bondes son.
Og eg er grodd i grastustens eigen religion.
Fjøset er mitt tempel
og kvar morgon og kvar kveld
eg køyrer liturgien
og kallar det for stell.Presten har sin kyrkjelyd
med salmesong så fin.
Mine skit på golvet
og rautar utan rim.
Men både eg og presten
me må sjå ein annan stad
enn til kontoen på banken for å
sjå kva vitsen var.Onn på onn
plogen vender torva si
gong på gong
til rytmen av
jorda sin eigen song.Far min han er bonde.
Eg er ein bondes son.
Og eg er grodd i grastustens eigen religion.
Byr du meg på draumar
om eit liv ein annan stad,
er det betre om du spør syster mi
om svaret skal bli ja.Eg er vel ein slags konge,
er bunden til mitt land.
Eg fekk det litt i fanget
og gjer så godt eg kan.
Men somtid ser eg langt etter ein bil som fer forbi
og leitar ganske lenge etter grunnar for å bli.Onn på onn
plogen vender torva si
gong på gong
til rytmen av
jorda sin eigen song. -
Tekst: Hans Børli
Musikk: Odd NordstogaTi tusen mål skog står og svagar i vind
og tenker og er som et levende sinn.
Og hjertet mitt banker, aleine med alt
som hvisker så stilt og som huier så kaldt
langt innpå skoga, langt innpå skoga,
– ho-ho ho.Je står her og lyer meg sorgsam og rar,
for alt det je spør om, får skogsus til svar.
Og aldri i evighet vil det vel skje
en mann blir så vis som et susende tre
langt innpå skoga, langt innpå skoga,
– ho-ho ho.Men hugsamt er det nå likevel
å høre på grana og vinden i kveld.
De prater sammen som søster og bror
og bruker så vakre, vindville ord
langt innpå skoga, langt innpå skoga,
– ho-ho ho.Og bakenfor høgda, den borteste blå,
skal gåtene alle vel løsningen få
når hjertet er jord under villgraset blakt,
når lengslen er lys i en grenseløs trakt
høgt over skoga, høgt over skoga,
– ho-ho ho. -
Tekst og musikk: Odd Nordstoga
Still er natta her utanfor
og stille er det her inne.
Eg leitar etter ein slutt for i dag,
den er ingen stad her å finne.
Det er tomt når dagen for sin veg
og natta er her forutan deg.Eg ville så gjerne få kjenne på
å vera ei tid her aleine.
La dagane gå i si eiga takt,
la kveldane få bli seine
og la meg få høyre det som blir sagt
når hjartet får slå i si eiga takt.No har eg prøva, og kjenner på det
at nokon ein kan snu seg te,
at ei å sitje i sofaen ved
– det!
Det er det som kan gje’ meg fred, det.
Det er det som kan gjeva meg fred.Men fridom skjønar eg ganske greitt:
Det er å vera her inne
og ikkje møte eit blikk, eit ord
som kan pirke meg innpå sinnet.
Møte stilla i alle rom
og gjeva ein lyd for å late som omat eg ikkje går og kjenner på det
at nokon ein kan snu seg te,
at ei å sitje i sofaen ved
– det!
Det er det som kan gje’ meg fred, det.
Det er det som kan gjeva meg fred.No har eg prøva og kjenner på det
at nokon ein kan snu seg te
at ei å sitje i sofaen ved
– det!
Det er det som kan gjeva meg fred det.
Det er det som kan gjeva meg fred.
November
-
Det er eit troll på loftet, og draugen er på dass
I kjellaren bråkar ein skummel ein
Og ute er eit skrømt frå den tid slike fanst
Han dansar utpå marka ein skummel dans
Og veden vil ’kje brenne, og livet det er stutt
(så alle dei ringer og gjer det slutt)
Og koppane dei skranglar når toget fér forbi
Det skingrar gjennom byen, men det er ingen i
Ååå, d’er noko som fer
Ååå, d’er noko som skjer
Åååå, d’er noko som hender
og d’er ein som eg kjenner:
Det er November
Og katten er så rar av det vonde han ser
på sin blodige tur der ute
iblant halvetne fuglar og livredde mus
som nok aldri kjem heim til sitt musehus
Ååå, d’er noko som fer
Ååå, d’er noko som skjer
Åååå, d’er noko som hender
og d’er ein som eg kjenner:
Det er November
Det er eit troll på loftet og draugen er på dass
I kjellaren bråkar ein skummel ein
Og eg er ikkje heime, så alt det eg fortel
ja, det høyrde eg i lufta av ei daud og plaga sjel
Ååå, d’er noko som fer
Ååå, d’er noko som skjer
Åååå, d’er noko som hender
og d’er ein som eg kjenner:
Det er November
-
Livet under lupa,
sjefen bankar på
Og før eg let meg skræme
så vil han ikkje gå
Eg grev meg i mitt hovud
som verker av i går
og som eit godt eksempel
på dugløysa mi står
Ja, eg har nippa vin
i timesvis i strekk
Og preka meg til høgder
eg som edru aldri rekk
Og eg har funne jenter
nedi botnen av av ein dram
Og trutt at det var kjærleik
i byen på ein tram
Og ute skræmer vindar
som eg skull’ vore i
Og gå meg bort frå den eg er
og alltid kjem til å bli
Ja, livet er på lupa,
og eg tenker litt på det
at det er leng, leng, leng, lenge sidan det
Livet er på lupa,
og eg tenker litt på det
at det er lenge sidan kvelds
med knekkebrød og te
Og eg har prisa venskap
med tårer på mitt kinn
Eit minne som eg håpar
at reiser og forsvinn
Og eg har slege i bordet
om ting eg syns er bra
som eg av alle veit at
er ingenting å ha
Eg les fjell og vidde
og eg har tre par ski
men vidda den er stor
når ein drikk øl til klokka tri
Ja, livet er på lupa,
og eg tenker litt på det
at det er leng, leng, leng, lenge sidan det
Livet er på lupa,
og eg tenker litt på det
at det er lenge sidan kvelds
med knekkebrød og te
Sjefen, ja, han bankar
og han bankar og vil inn
Og skræmer bort det siste
av mitt altfor lette sinn
Ja det bankar og det bankar,
alle piler peikar ned
Og vindane der ute
dei gjev meg ikkje fred
Ja, livet er på lupa,
og eg tenker litt på det
at det er leng, leng, leng, lenge sidan det
Livet er på lupa,
og eg tenker litt på det
at det er lenge sidan kvelds
med knekkebrød og te
-
Lykka er dagen forutan gjeld
og slutten av boka kvar einaste kveld
Lykka er vår i ein feit nasjon
med akkurat passeleg inflasjon
Lykka er fjella og det blåe hav
og rekninga ingen visst’ kor blei av
og lukten av granbar og motorsag
Lykkeliten kor er du no?
Lykkeliten kor er du no?
Lykka er fredag og fjernkontroll
og ver’ oppe til fire og sova til tolv
Lykka er mai og lauv som sprett
og at andre tek feil og du har rett
Lykka det er når lykka snur
og elles det meste av det som ein trur
Lykka er det som du veit frå før
Lykkeliten kor er du no?
Lykkeliten kor er du no?
Lykka starta aldri ein revolusjon
men stulla i hagen og raka i tun
Om lykka var konge så var jorda flat
og ingen hadde vit på utsøkt mat
Nei verden blei ‘kje laga i lykkerus
med fest i kåken og bollar og brus
(Er det så at) lykka den er feit og konservativ
med eit mål hage og perspektiv?
Lykkeliten der er du no?
Lykkeliten der er du no?
Lykka ligg borti sofaen ein stad
i blant noko puter og vekeblad
Lykka er slengt uti boden ein stad
iblant noko skrammel og vedala
-
Angelica Angelica
Kor er dine draumar i kveld?
Eg trur dei gjev deg dei vengene blå
og silkekjole og krone på
Eg trur at dei tek deg bak blånar sju
i milde vindar der flaksar du
og landar så i ei solfylt vik
No drøymer eg i alle fall og ser deg slik
Og draumar er til for å finnast,
og den her har eg tenkt til deg
Angelica Angelica
Der ventar din kvite hest
Så rir de oppover Gyllendal
til slottet åt Kong Visental
Eg trur at han ventar med alt sitt hoff
bak bord med dukar i dyre stoff
og flagget er oppe, musikken på
No drøymer eg i alle fall og ser deg så
Og draumar er til for å finnast
og den her har eg tenkt til deg
Angelica Angelica
Dagen er ikkje din
Det er stengt for deg som for oss er fritt
Nei, ingenting av dette her er ditt
Og snøen ligg kald på ei jord av stål
Og det er ingen som har tenkt på å gjort opp bål
og slå ut med armar og bjode inn
på varme hender mot kalde kinn
Men draumar er til for å finnast
og den her har eg tenkt til deg
Angelica Angelica
Minnest du då me var små
Eg hugsar me to i ein båt på ein sjø
På toppane rundt var der enno snø
Og bekkane rann der frå fjella ned
som kvite striper i liane
Ja, våren den tok oss i handa si
og midt nedi handa, der rodde me
Så, Angelica Angelica
Kom og set deg i
Så finn me att det uskuldige
Og heiar fram det truskuldige
Og ror oss bort ifrå dei som vann
og ingenting skynar, men allting kan
Og set vår lit til ein gamal vår
Og veit du i Gyllendal kor det går?
Jau, Angelica Angelica
Der ventar det deg ein prins
Og alt som gjekk forbi deg her
i Gyllendal stoppar og for deg skjer
Der står du med kløverkrans i hår
og prinsen rett framfor deg står
Men det er du som strålar, det er du som rår!
No drøymer eg i alle fall at det er slik det går
Og draumar er til for å finnast
og den her har eg tenkt til deg
-
Lat meg berre få ein song
lat meg berre få kun ein song til
Den kan vera som den vil
berre eg kan få kun ein song til
Lat meg berre få ei stund
lat meg berre få kun ei stund til
Den kan vera som ho vil
berre eg kan få kun ei stund til
Dagen sluttar der den må
Vegen går dit den skal gå
Eg er der som eg skulle nå
Her er enden som eg skulle sjå
Så syng no, syng no ein song til
Den kan vera som den vil
berre me syng ein til
For dei blåe, blåe, blåe sinn
på det aller siste trinn
tek me songen inn
Lat oss berre ta eit steg
lat oss berre ta kun eit steg til
Det kan føre der det vil
berre me kan ta kun eit steg til
Dagen sluttar der den må
Vegen går der den skal gå
Me er der som eg skulle nå
Her er enden som me skulle sjå
Så syng no, syng no ein song til
Den kan vera som den vil
Berre me syng ein til
For dei blåe blåe blåe sinn
på det aller siste trinn
tek me songen inn
-
Du kan gjera det du vil,
for eg unner deg all di tid
Til skogs å vera i dagane sju,
det kan du gjera for at det er du
Til borti der som vinden snur
Dit kan du reise, ja ta deg ein tur
til Amerika berre for å snu
Det kan du gjera for at det er du
Men legg, legg deg inntil meg no
For ute blæs det med regn og med sno
Og sei meg at ingen stad er så trygg
som bakom min rygg
Bakom min rygg
Du kan slå meg i Monopol
og pynte på namnet med cand theol
Du kan skjønne, og eg ikkje ha eit klu
Det kan du gjera for at det er du
Men legg, legg deg inntil meg no
For ute blæs det med regn og med sno
Og sei meg at ingen stad er så trygg
som bakom min rygg
Bakom min rygg
Du kan sveive deg opp og fram
Eg kan ver heime med kryssord og dram
Men eg vil, eg må få vera din Prins,
og verje deg for alt fælt som fins
Eg må få vera din redningsmann
Når elden rasar så er eg han
som bergar deg ifrå flammer og gru
Det skal eg gjera for at det er du
Så legg, legg deg inntil meg no
For ute blæs det med regn og med sno
Og sei meg at ingen stad er så trygg
som bakom min rygg
Bakom min rygg
Ja, sei meg at ingen stad er så trygg
som bakom min rygg
Bakom min rygg
-
Det er langt ifrå Paris og til Birkelunden
Men det er her ein oftast er i
ein vårdag med fri
og linerler i
Det er her ein ligg og smeltar for sol, som snøen
Og det er utruleg kor varmt det kan bli
i Oslo denne tid,
og det er linerler i
Og du kan reise til Paris og i Montpelier
Men kva skal du der, når Anne er her?
Og det er her Anne brukar å ver’
Det skin av eit fjell og det syng og det snogar ein vinter i kvart ord
Det sildrar ein bekk og renn og det kvitrar ein vår i kvart eit ord
Og verden er stor, men Anne er her nord
Ho sei’ namnet sitt så varmt at det i panna piplar
Ja det er blåklokker og solmogne ber
som blandar seg der,
med Anne
Og du veit at i Paris er den store kjærleik
under triumfbogen er det som skapt
å la hjartaet sitt gå tapt,
til Anne
Du kan reise til dit, eller til Montpelier
Men kva skal du der, når Anne er her?
Og det er her Anner brukar å ver’
Det blenkjer av svaberg og sjø og ein skinande sommar i kvart ord
Det gulnar ein åker, og raudnar og skirnar ein haust i kvart eit ord
Og verden er stor, men Anner finn du mest av i nord
-
Hei! Eg er Mr. Sur og Tverr
År for år blir det verr’ og verr’
Eg starta ut som ein munter gut
Så kom Tverr og Sur og skremde ‘n ut
Eg buldrar rundt som eit torever
og eg skræmer ungar kor enn eg fer
Eg støyter mor, og eg slæst med far
Det er ei grovskisse av kva eg er for kar
Men eg veit ein stad der snoen ligg kvit
og isen har reist, og fisken den bit
Og i morgo, i morgo skal eg dit
Eg veit ein stad der sjeli blir kvit
og rein av alt det som glefser og bit
Og i morgo, i morgo skal eg dit
Og kjem det nokon og bankar på
er det eddik i augo som dei fær sjå
Dei skal ’kje få tverrsuren blid og rund
meir enn dei får skikk på sin gamle gneldrehund
Sur, det blei eg ein gong sola skein
og dei gav meg eit NEI som hogge i stein
Tverr blir ein etter som tida går
og skrifta på steinen står
Men eg veit ein stad der snoen ligg kvit
isen har reist og fisken den bit
Og i morgo, i morgo skal eg dit
Eg veit ein stad der månen skin
Og ingen stad lyser ‘n like så fin
Og i morgo, i morgo skal dit
Ja eg veit ein stad så kjølig og klar
Du kan rope og rope og aldri få svar
Ja, eg veit ein stad der vatnet er kaldt
og himlen er klar te’ fortelje deg alt
Ja, eg veit ein stad der snøen ligg kvit
Og isen har reist og fisken den bit
Og i morgo, i morgo skal eg dit
Eg veit ein stad ein stad der sjeli blir kvit
og rein av alt det som glefser og bit
Ja, i morgo skal eg, i morgo skal eg dit
-
Tekst: Ragnar Hovland
Musikk: Odd Nordstoga
Sei farvel, mi vesle kjære
mens vi syng ein kjærleikssong
om kor vondt det er å skiljast
sei farvel for siste gong
Sjå kor morgonhimlen lyser
Mine tårer fell som regn
No er tivoliet over
Vil eg møte deg igjen
Som ei klokke slo mitt hjarte
Kysset ditt var søtt som vin
heile tida mens det varte
Den tid eg var guten din
Sjå kor hamnelysa kallar
Om ei stund er du på veg
No er tivoliet over
Eg vil alltid elske deg
-
Odd Nordstoga
Det er ein stad for meg
som er ferdig reidd og klar
Den er det som eg kan tenke,
den er det eg går og trør i her kvar dag
Men sjå på fjorden
No kjem båtane inn
No er sommaren komen,
sender draumar ut i vind
Og det er langt det, til vinden sitt land
Men det er lenger enn langt til den glimande havn
som blei lova i songen eg song i ditt namn
Å, tak meg heim, du lova land,
til Det lova land
Det er ein stad for meg
Ein som ikkje lèt seg sjå
Men som berre let seg sanse
som eit bod ifrå ein stad du ’kje veit om
Men sjå på himmelen
No kjem svolune hit
kor tru svolene har vore
og kvifor fór dei dit?
For det er lang det, til svolunes land
Men det er lenger enn langt til den glimande havn
som blei lova i songen eg song i ditt namn
Å, tak meg heim, du lova land,
til Det lova land
Det er ein stad for alt
som meg aldri er fortalt
Men den helsar meg i vinden
og i svolune som aldri fell til ro
For bortom fjorden,
bortom alt det ein kan sjå
fins ei heilag havn og finne
som ein dag eg skal nå
Kløyvd
-
Fri
Odd Nordstoga
Eg skit i om songen liknar
berre det er laurdag snart
Og det må vera opp opp opp
og ikkje seint og vart
Men eg bygd litt seint eg
og er stappfull full av melankoli
Så alltid må eg slite
meg opp for å bli fri
Eg skit i om buksa passar
Berre det er laurdag snart
Og eg skal ut og treffe deg og
det skal bli så rart
Det skal bli noko anna
Og eg skit i det det blir
Eg veit det blir ei løysing
for eg veit at det er fri
Eit hol i rom og tid
som set meg fri
Eg skit i om songen liknar
Berre det er laurdag snart
Og det må vera opp opp opp
og grøne ljos og klart
Eg skit i om songen liknar
berre du er mi
Og kom du berre nermare
så set du meg fri
Eit hol i rom og tid
som set meg fri
-
Odd Nordstoga
Arbeid og arbeid
min ven, mitt tidsfordriv
trøytnar mine hender
så eg veit at der er liv
Arbeid, mi redning
frå alt eg ikkje vil
Eg kan sei “Dessverre,
er på arbeid, har ‘kje tid!”
Så eg er på arbeid, og arbeid
gjev meining til å ha friEg er på arbeid
Eg er på arbeid
Eg er på arbeid eg
la la la la la la laArbeid og arbeid
gjer ølet meire kaldt
gjer sofaen litt betre
gjer noko godt med alt
Arbeid, min doktar
med deg gjort er eg glad
Alt blei sjukt og gamalt
om arbeid ikkje var
Ja, eg er på arbeid, og arbeid
gjer noko godt med altEg er på arbeid …
Arbeid og arbeid
folk vil ha deg bort
byte deg med anna
dei heller ville gjort
Arbeid, du skal veta
du har ein ven i meg
For eg er som fornøgdast
på veg heim att ifrå deg
Så eg er på arbeid, og arbeid
gjev meininga til tidEg er på arbeid …
-
Odd Nordstoga
Herifrå så er det du som skal styre
Herifrå til evig tid
Men ring meg når du sit fast og er aleine
Ring meg om ein ny ven er for sein
Herifrå så får du køyre på
det som ikkje du syns heilt eg kan forstå
Men om du saknar katten, kjenner sakn
at han ligg på fanget, på dine lår
Ende nedi gata, der du budde før
ende nedi gataventar eg
Å halleluja, om du kom heim att
ventar eg
Å halleluja, om du kom heim attHerifrå skal eg ta opp det eg gjorde
før eg gjekk i lag med deg
Men ring meg, eg har forstand og toleranse
Ring meg, nei, eg prøvar ‘kje å få ein ny sjans
Herifrå skal eg la håret gro og
ta opp alt det du ‘kje lika eller forstod
Men kven skal passe katten til neste helg
når eg skal på tur, og ture så det held?
Ende nedi gata, der du budde før
ende nedi gataventar eg
Å halleluja …Ingen til å vera heime når eg kjem heim
Ingen til å ringe når eg blir sein
Ende nedi gata
der du budde før
ende nedi gataventar eg
Å halleluja … -
Odd Nordstoga
Hossi stend det te der heime hjå deg?
Det er så lenge sia eg har høyrt frå deg
Eg vil tru du har lange dagar
at det røyner på av og til
Men det er ‘kje slik mellom meg og deg
at du er deg og eg er meg
at me drikk oss fulle og ler me to
Det er ikkje slik lenger noNei, det er ikkje slik lenger no
Hossi stend det te der heime hjå deg?
Det er så lenge sia eg har høyrt frå deg
Eg har spurt deg hundrade gonger
Du har svara ”Takk” og ”Det er bra”
Men det er ikkje slik mellom meg og deg
at ord kjem fram og vil feste seg
at dei løyser ut moro og vermer blod
Det er ikkje slik lenger noNei, det er ikkje slik lenger no
Eg minnest at me lauga i det fortruleges tjern
Varmt var det, det var sommar
alt var blanda; jenter, turar, draumar oppi der
Det var sommar
Men sjeldnare vart møta der ved tjernet i ein skog
oftare så let ein heller vera
Morgonar blei tjukkare og våtare av dis
Så kom vinteren, på tjerna la seg isHossi stend det te der heime hjå deg?
Det er så lenge sidan eg har høyrt frå deg
Men eg ynskjer for deg det beste
At det gjekk deg slik som du sa
då du sumde rundt og du var så glad
og overmot det var alt det som du ha’
Og me trudde på vinteren når det kom sno
Det er ikkje slik lenger noOdd Nordstoga: Song og gitar
Torstein Lofthus: Trommer
Tor Egil Kreken: Bass
Øyvind Blomstrøm: Gitarar
David Wallumrød: Piano og keyboards -
Kjedeleg iblant
Odd Nordstoga og Erlend Ropstad
Me to, ja me kunne vore rike
Hatt eit hus der ein såg utover sjøen
Hatt fin bil og bli like
Dei med boblejakke og god løn
Hva jeg hadde gitt for å våkne opp en morra
I en annen kropp, i et helt annet liv
Og bare blitt der et par dager
Om ikke annet så for å få et nytt perspektiv
Ingen veit kva som hadde hent
om dei bruer som er brent
om dei aldri tok fyr
då eg prøva å få tent
Me veit ikkje
Me veit ikkje
Det er så kjedeleg, så kjedeleg iblant
Så kjedeleg, så kjedeleg iblant
Så kjedeleg, du trur nesten ikkje det kan vera sant
Det er så kjedeleg, så kjedeleg iblant
Du vet jeg burde flytte ut på landet
og dyrka frykten for å bli glemt
Jeg skulle gjerne visst om du ville fulgt med da
Ikke svar nå, men svar før det er for sent
Ingen vet hva som hadde hendt
om vi pakka det vi har
Vi kan dra hvor som helst
Kan umulig gå galt
Men vi vet ikke
Nei, vi vet ikke
Det er så kjedelig, så kjedelig iblant
Så kjedelig, så kjedelig iblant
Så kjedelig å sitte her etter at alle forsvant
Det er så kjedelig, så kjedelig iblant
Sjå på TV
For ein utgamal og kjedeleg idé
Så set me oss ned
Og det er så
-
Løyve
Odd Nordstoga
Eg ventar på eit løyve
Eg ventar på eit løyve
Eg ventar på eit løyve
inn til deg
Og elvane renn
Og vinter blir vår
Og sommrane glir forbi
Farvel Farvel
Farvel Farvel
Eg ventar på eit løyve
Eg ventar på eit løyve
Eg ventar på eit løyve
Inn til deg
Og elvane renn
Og somrane går
Og nokon kjem inn
og nokon dei går
og ingenting skjer
og alle ting skjer
Men glir berre lett forbi
Farvel farvel
Farvel farvel
-
Odd Nordstoga
Den største majesteten nedi havet
får ikkje bestemt seg kva han lever i
Djupet gjev han maten, men han pustar i det fri
Dømd er han til å leva slik imellom
Begge stadar drep han om han legg seg til
Aldri får han kjenne på kva eigentleg han vilSå han syng ein song imellom for å få det til å gå
Han syng ein song imellom for å få det til å gå
Han syng ein song om ljoset langt der nede i det blå
Han syng ein song imellom for å prøve å forståTrykt ihop av tusen tonn med vatn
drøymer han om svolene i sommarvind
fyller opp med venger der som vatnet ikkje kjem inn
Der tenker han òg på ein gong i fjor
langt ute i Atlanteren ei stjernenatt
Han såg seg så langt utover at noko kom ikkje attSå han syng ein song imellom for å få det til å gå
Han syng ein song imellom for å få det til å gå
Han syng ein song om ljoset langt der nede i det blå
Han syng ein song imellom for å prøve å forståSå tunge, tunge tonn der inne på stranda
Småfuglar og måsane dei glir forbi
set seg til på berget med eit bankande hjarte i
Så hjelpelaus og tung det er kvalen
Sola den sprekker opp hans mørke skinn
Enno er det lenge til at havet flør innSå han syng ein song imellom for å få det til å gå
Han syng ein song imellom for å få det til å gå
Han let ein song om djupet over gras og enger gå
Han syng ein song imellom for å prøve å forståHan syng ein song imellom for å få det til å gå
Han syng ein song imellom for å få det til å gå
Han syng ein song om djupet langt der nede i det blå
Han syng ein song imellom for å prøve å forstå
-
Verden den er stor og vid
Den er meir enn all mi tid
Sjøen den er stor og blå
Og du, du er så stor som så
Eg kjem frå huset ved Liljetjern
i landet lang borte mot aust
Det er så fint nede ved Liljetjern
når sommaren går mot haust
Eg for ut og og så kom eg hit
Det du ser det er berre ein bit
Det er så rart at eg landa her
Men det er slik det, som menneska gjer
Eg kjem frå huset ved Liljetjern
i landet lang borte mot aust
Det er så fint nede ved Liljetjern
når sommaren går mot haust
-
Enno er det tid til å sjå for seg alt det store fine som kan bli
Enno er det før det snur, og alt vender heim til dit det bur
Alltid er det slik at juni legg opp det juli skuslar bort
Og mykje skal til for å innfri alt det ungar skulle gjort
Snart skulefri det ligg der som ein billett til paradis
Men du veit du skuffar når paradis er Arendal og is
Men enno er det tid…
Eg såg for meg at du og eg snakka fritt ved eit bord ein stad
Men ein blygsel av å kjenne for godt kom og luka i det me sa
Så nok køyrer me til kysten til den sommaren me har lagt
og det er headset baki og frammi er det på radioen det blir sagt
Ein kjenner godt at dei glir ifrå dei ungar som ein fekk
Me skulle bygg eit slott, ei borg, men ei havn er det me rekk
Snart er det berre nåde for den barndomen me gav
som er den bøn me kan sende til Gud veit kor dei blir av
Men enno er det tid…
Men det slepper aldri, det slepper aldri at noko heng i hop
At om krigen kom med kuler og krut så var me i sama grop
Og når himmelen blir slik himmelen er når havet møter land
i kupeen inn stryk ein forsoningsvind som syng; det kan gå an
For enno er det tid til å sjå for seg alt det store fine som kan bli
Enno er det før det snur og alt vender heim til dit det bur
-
Odd Nordstoga
Det er ein dag å kviskre
Den trur eg kom her no
Det er som store, store ting kan velte
Og lauva heng på trea
men dei heng ikkje godt
Og mykje fell i fall det kjem ein vind
Men eg lovar, lovar, lovar
å halde fastEg held mitt blikk mot bakken
og store trygge tre
Eg håpar at du spør om me kan reise
Så køyrer me til huset der langt inni ein skog
og snører verda saman tett ikring
Og eg lovar, lovar, lovar
å halde fastNår det er greitt å skyte
Når det er greitt å slåst
Når ingen ting heng saman:
Nei vel! Då tenkjer eg på oss
Og eg veit det skal gå
Ja, eg lovar
å halde fastHer ute laver snøen
Ein fugl sit i eit tre
Når ingen ting heng saman
så gjer i alle fall det
Og eg veit det skal gå
Ja, eg lovar
å halde fast -
Ventar dei på meg
ute der dei tre?
Står så stilt og lyder
verkar mest som det
så stille som dei står
Berre av og til
eit lite ekorn over furugreiner går
Eg ventar her eg òg
at noko kanskje skjer
at kanskje kjem eit tog
og at eg kjenner nokon derKoppen min er tom
så skjenkjer eg ein ny
Det bråkar som ein foss
Det osar som ei sky
når allting rundt meg står
så stilt som berre det
Ja, berre sola snik seg stille bak eit tre
Kva ventar me så på?
Det er så himla rart
Det ventar, ventar spent!
Eg kjenner det så klartDet kjem ikkje eit tog
var noko eg fann på
Det er ikkje eit ekorn
her som eg kan sjå
Men ute er det stilt
ei kald og stille verd
Eg kjenner kor det smittar
og flyt i meg her eg er
Men det som det betyr?
Det veit vel ikkje eg
Noko i sitt vesen
opna dørene for meg -
Det var to gutar
Dei kom frå Bruland
Dei skulle til heiars å fiske med stong
Det var på fredag
Dei skulle vera til sundag
sova i lyngen for fyrste gong
Bakkar var bratte
sekkar var tunge,
tunge av pølser og nødproviant
Men det var spennande
å vera på sjølvstyr
og dei var spreke og bakkane vantDei sette opp telt
og fyra med bål
og åt sjokolade og så var det kveld
Morgonen etter
var himmelen annleis
Ja, den var bleikare, men fin likevel
Den eine var Tore
Den andre var Gunnar
Dei sprang mellom tjønnar og såg etter vak
Dei kasta ut sluken
og snella den tikka
Vatnet var klart, ein såg fisk koma bakVera aleine
forutan dei heime
i fjellet
forutan mor og farDei merka ‘kje dropane
Dei merka ‘kje skodda
Snart i det gråkvite borte dei var
“Hei!” ropa Tore
og skvatt av det store
og uendeleg stille og skremmande svar
Den andre såg rundt seg
med aukande uro
for Tore var nett borti osen istad
No såg han ikkje osen
og høyrde ikkje Tore
di meire han leita di meir borte han varVera aleine
forutan dei heime
i fjellet
forutan mor og farSå mista dei hjartet
Det dunka og hoppa
Og stemmene sleit seg og heldt ikkje att
For har ein mista seg
så har ein mista seg
Dei mista seg her i den gråkvite natt
Plutseleg stod dei
og såg på einannan
fortumla og skremde av dei villaste rop
Og brydde dei tagna
men kjende dei letna
og samla panikken litt betre ihopHer kunne eg stoppe
og sagt dei blei funne
rett bortom teltet, frosne i hel
Slike ting hender
i leik og i moro
I leik og i moro kjem dauden og stel
Men no har eg sagt det
Det er nok å ha tenkt det
nok å ha tenkt på dei rivne ifrå
Lat heller sola
få slå gjennom skodda
Lat dei få himmel og heimvegen sjåVera aleine
forutan dei heime
i fjellet
forutan mor og far -
Det var ein engel som gav meg eit frø
med rørsler så kvite som dalande snø
Eg sådde, og verda vart ny
Av svevnen min voks det eit tre her i nord
Eg vakna og såg det, stort, på mi jord
Eg hausta, og verda var ny
Og sola reis opp over byar og tre
Eg trudde ‘kje lenger på dei som dreg ned
For eg såg det, at verda var ny
Då vekte eg deg og sa kva eg såg
Du svara, med ei røyst så dirrande låg:
Ja sanneleg, verda er ny
-
Eg er ein gjest, ein framand
ein heimlaus er eg
Her er ingen eg kjenner
Her er ingen som meg
Eg er einsam, så einsam
så dum i mitt spjeld
Der eg står som ein stut
ifrå morgon til kveld
Men det er mange som meg
som ikkje finn heim,
gjekk ut døra ein morgon i tru
på at alt skulle bli det sama
om ein dag ein ville snuMen det blei ikkje det
Nei, alt du kan be om
er kvile og fred
At pipa skal brenne i kvile og fredKvile og fred!
Kvile og fred!
At pipa skal brenne i kvile og fredEg hadde ein kjærast
ho heitte for Linn
Me fylgdest ein sommar
det var meg og så Linn
Men som fuglar om hausten
så fauk ho avstad
”Eit semester i Polen”
det var det som ho sa
Men til jul skulle ho heim att
og eg gleda meg slik
For til vinteren skulle Linn vera mi
Ja, det skulle bli våren og kjærleik og viMen det blei ikkje det
Nei, alt du kan be om
er kvile og fred
At pipa skal brenne i kvile og fredEg kjem frå ei bygd
under fjellet i nord
Der ligg mine røter
der ligg dei i jord
Dit reiser eg stundom
Og hjarta brest
når eg meiner meg heime
men går som ein gjest
Men det er mange som meg
som driv langs eit liv
og prøvar å finne ein stad
og seia: “Her er det
Her var det det var”Men det blei ikkje det
Nei, alt du kan be om
er kvile og fred
At pipa skal brenne i kvile og fredKvile og fred!
Kvile og fred!
At pipa skal brenne i kvile og fred
Something Odd
-
tekst og musikk: Odd Nordstoga
Jorde er bunden i faste kurs
vegen er fastlagd og støtt stend hus
men du og eg gjeng her og veit kji hot me vil
i driftSom sneipen i vatnet og papir i vind
som pollen som fyk frå den utsprungne lind
som kvinner og menn og saker og ting
i driftSå me er i drift
ja me er i drift kven styrer okkos frie drift
ikkje veit eg me eg lyer
på gamle menn som skjelv, og på vitnemål som avgjer
hor ein helst bør gå
hot for plass ein bør klore seg fast på
Ja me er i drift, mellom byråkratisk fasit
Ja me er i drift
mellom mor sitt mas
hell far sittBortsett frå det er me frie menn
men fridomen er no så liten den
at tida han tek må me sova då
i drifteller me går rundt å lurar på
hotfe me ikkje ei rot kan få
så slepp me å gå rundt å stresse då
i drift. -
Tekst og musikk: Odd Nordstoga
Nokon er bundne av gamle postulat
om at alt skal vera vanskeleg å få på eit fat
Det er eg og
Nokon ser jæklar bak kvar ei gåve
og planlagt sjølvelsk bak kvart eit ord
Det gjer eg og
Og ondskapen rår i det meste
og flaks er eit ord ute av bruk.
Og meininga er alltid den verste
og når du ser sjansen så er han på veg utMen så stod der ein fuggel i karmen
og han nappa i fjører og sa:
«Du er glad når eg syng litt?» sa fuglen.
Og jaggu var det akkurat det eg var.Nokon er bundne av gamle visur
om at ingenting kan dei, og ingenting dei er.
Det er eg og.
Nokon er løynde bak eit skjold av angst,
og mæler om andre og deira inkompetanse
Det gjer eg og.Men når dei sjølve skal stå fram bak skjoldet
og gjera noko frampå sjølve.
Ja då nektar dei og vil ikkje, kan ikkje og vil ikkje,
men kjenner kven dei eigentleg erMen så stod der ein fuggel i karmen
og han nappa i fjører og sa:
«Eg er god til å synge» sa fuglen
Og jaggu var det akkurat det han varÅ tru verst om alle, hell å ikkje tru seg til.
Det er vondt om det hadde vore så gale.
Men å skjule forventing og skjule det du kan
for å tekkas den almenne malen.
Då bryt ingen ut, og alt blir som før.
Og gamalt blir alltid best!Men så stod der ei jente i larmen
på gata, forkledd som ein fugl.
Og ho sa «Eg er ei jente i forklenning»
Men ingen høyrde det den vesle jenta sa.
Så ingen såg kva den vesle fuglen var. -
tekst og musikk: Odd Nordstoga
Under blusa var ho aleine
det var ingen avtrykk der på
Over blusa var eit andlet,
eit andlet som ingen hadde kjent på
I lag med andre var ho fanga av utkantens ro der ho sat
Blant folk og leven var ho
utanfor ytring og utanfor svarMen innom augo var ei eldkule
Der var ei eldkule som ikkje var funnenSå kom kvelden då ho vart funnen
av ein gut som såg ho som ho var
Han kom imot ho
han kom imot no
ho kraup ihop og kjende at ho skalv
Ho såg på klokka det var fire minuttar til fyrste bussen heim att
Skoene på, ned trappa og ut på vegen.
Ho redda seg denne gongen og.Så heim gjekk jenta med eit savn
og att stod guten med ein favn.
Men ingen kom seg til og kanskje like greit var det
så braut ho ingen barrierer ned,
og ingen hadde sett kor ho leid for det. -
tekst og musikk: Odd Nordstoga
Hotfe sitje på kafe drikke kaffe av grut
når du heller vil ut, kjenne vind og sjøsprut.
Hotfe bli her når du veit
du blir gusten og bleik,
og du heller kan reise til framande land.Ser du fuglen som sit der i toppen av eit tre
sjå han ber på eit eventyr men landar her.
«Hei du fuggel som sit der i toppen av tre:
Hotfe styrde du landinga di hera te?»Ha eg haft venger som du.
Ha eg haft venger som deg,
ville eg foke min veg.
Ha eg haft venger som deg
ville eg sitje i ei palme å glo
på ei anna fjøre og flo enn den du ser på no.Noko anna, noko mildt.
Berre armar, varme kinn.
Og ei jente av ein art som du berre ser på filmHotfe sitje i eit hus og drøyme om å fara.
Når du blir i ditt hus,
og det kjem te vara.
«Hei du fuggel som sit i toppen av tre.
No må du forklare deg!» -
tekst: Tarjei Vesaas musikk: Odd Nordstoga
Med snø i glatte hår
du einsam borti svingen står
og let det berre snøDu stod der dagen all
med drevet fylde kåpefall og vegen du skal trø.
Og inga løn du fekk frå den du vanta der du gjekk
din aude sving.Kom eg fall der ikkje ord
Ditt grå og gode auga for
forbi mot ingenting -
tekst og musikk: Odd Nordstoga
Han køyrer den vegen fordi det er den einaste måten han kjem forbi
den eine staden han kan helse difor køyrer han der om så ofte han kan.
Ronald var ikkje voldsomt flink på skulen, men han greidde seg likevel.
Mor hass var faren ho, og far hass hadde frose i hel hadde frose i hel.At Ronald var ein verdensmann, det er vel å taka i litt hart.
Han var noko stille og lite intakt, heime der var han som sagt forlatt.
Men inni bilen der kunne ingen sjå at her var gut som neppe eit napp kunne få.
Bak eit skjold av terningar og Wonderbaum så putra Ronald fram, like godt han.-Ronald var fornøgd med livet, han smilte likevel-
-Om Ronald var bleik om nebbet, så åt han likevel-Han køyrer den vegen fordi det er den einaste måten han kjem forbi
åttende klasse i langefri, som er dei einaste Ronald kan køyre forbi og
helse og snurre på barten, og slurre opp litt grus,
og stadfeste heltestatus i dag som i går.
Om åttendeklasse vert mindre år for år. -
tekst og musikk: Odd Nordstoga
Født i ei episode som kallast denne tid
og sjenkast så litt tid og rom og sidan er du fri
fri til brukeviti ditt hell te å trø det bort
og sidan fri til velge det du fyri skulle gjortOg frykt ikkje for tida du heve gode tid
Tid til finne vegen din og tid til gjera’n vid
Tid til gjera deg ein floke hell to tre fleir
og sidan tid te grunne over løysinga på deiVind, sjå opp for vindar
Vind, sjå opp for vindar
Vind, sjå opp for vindar
Vind, sjå opp for dei
Berre eit lite vindkast;
så er du ikkje meirVelkomen skal du vera om grunnen er av sand
som synest som eit avhol om du undrast liti grand
Så finn du vel din eigen ideologi
og heidrar alle folk som passar støypeforma di. -
tekst og musikk: Odd Nordstoga
Eg ser det på blikka ho sender
eg ser det på lepper og lår
eg ser det i måten ho vender
eg ser det i måten ho stårEg ser det i kurva langs kinnet
langs halsen frå bryst til bryst
Det som ho har inni sinnet
som tirrar ein svekling si lyst-Men det som forundrar, forundrar meg mest-
-er måten ho skjuler det på: Det er det som viser det best.-Eg høyrer det i det ho seier
eg kjenner det i hennes pust
og orda ho bruker dei leier
mot slutningen meire robustEg ser det i måten ho går på
på hofta og nedover lår.
Så kjenner eg og det eg ser då
fornuften får tronge kår -
tekst og musikk: Odd Nordstoga
Han var ung og ho var lang og lekker
ho var sjefen i eit magasin
ho ha fegji all den brodd som mannen hadde mist
ihop var dei eit bord med roten kvistKnut han bruke skjerf når det var vinter
han hadd’ ikkji ein skarp identitet
og sinni hass det blotna endå liti grandi meir
då’n fann seg dessi orde og då han fekk høyre deiNår skal eg få halde deg i handa når du grine
Når skal eg få draga deg or søyla då du datt
Dagane er båt to’s men minna berre mine
vil minnast som ein som meir en berre varDagane dei gjekk og dei var saman
kjeringi ho voks mens mannen seig
og aldri om den guten der fekk syne han var mann
og aldri om den jenta synte saknEg greier meg eg
om eg berre er ein teljande eg
om egg tel litigrand,
men du greier deg sjov.
Der du skriv dine brev fær du stilt ditt behov
for ein arm og ei hær der tårer kan falle
for ein arm og ei hær der tårer kan falle -
tekst og musikk: Odd Nordstoga
Det her er ein liten song om det å vera nære
og kjenne ord som du og eg og elsk og ømt og kjære
Og leva i eit sorglaust hav, og berre vera to
og vegen fram ja den gløymer du, du er ved målet no.Og politikken utanlands er borte som ei sviske
og alle måla for deg sjølv dei er du ved å miste.
For det du viar tanken på er støre av format:
Det er om ho vil legge sine armar om deg snartog seia
So ro du vesle guten min
så skal du få meir enn du fekk for tiøringen din, for tiøringen din.
So ro du vesle guten min
så skal du få meir enn du fekk for tiøringen din, for tiøringen din.
So ro du vesle gut; i morgon har me fri.Og når så so ro er ferdig då blir alle ord for små
og alle fraser havnar i det patetiske blå,
men jenta ho skyna kva det gjaltså syng ho…
Det her var ein liten song om det å vera nære
og dela sama mjølkeglas og saman vera sære.
Og båe gløyme tanken på om morgonen blir god
og heller la oss leva på kor godt me har det no
Bestevenn
-
Det er eit ljos der ute
som du ser frå der du bur
Når du er redd og er aleine
då er det ikkje slik du trur
Det er ‘kje slik at ingen har ein tanke for ein liten
som ligg der så aleine og er redd
og lengtar fram mot morgonen til ljos og vind og vêr
og skræmast av det mørke store skumleOg det er ‘kje slik at du ikkje har ein bestevenn
Det er ‘kje slik at du ikkje har ein bestevennDet er eit ljos der ute
som mitt auga kviler på
Når det knuser imot stranda
men du ingenting kan sjå
Det er ‘kje slik at ingen andre også då er liten
for havet knuser sjølv det harde fjell
Men ute der så sveiper det eit ljos for meg og deg
og viser heim og til dei stille havnerOg det er ‘kje slik at du ikkje har ein bestevenn
Det er ‘kje slik at du ikkje har ein bestevennSer du gjerdet, gå til grinda
Ser du døra, kom no inn då
Ser du trappa, ta eit trinn
Kom no inn! -
Ein farfar i livet skull’ alle ha
Ein goffa å springe ned til
som alltid har lyst på ein kaffikopp
og til å kaste bort tid på ein liten kropp
Ja, ein farfar i livet skull’ alle haEin farfar i livet skull’ alle ha
Ein bessfar å vende seg til
med alt som ein går rundt og lurar på
I Farfar sitt naust er det alltid råd
Ja, ein farfar i livet skull’ alle haEin farfar i kjeledress skull’ alle ha
som luktar av olje og sjø
Og med lommene fulle av gamalt skrot
Det er mykje få bruk for i Goffas rot
Ja, ein farfar i livet skull’ alle haEin farfar sitt fang det er godt å ha
For Farfar har vore her før
Med heile sitt liv ligg han framom deg
Og spør du, ja, Bessfar han viser veg
Ja, ein farfar i livet skull’ alle ha -
Det er så varmt om det er kaldt
Det er så ljost om det er mørkt
Det er så framandt overalt
Men likevel som heime
_____
Det er ei dør der bak min rygg
Der syng det enno eit adjø
Gav ho eit teikn?
Var det noko bak eit stengsel som kom ut?Og var det Inger?
Inger som var namnet
Eller Ingrid?
Det er ‘kje godt og sei
Det gjekk så fort, og eg trur eg sklei
Og eg ramla ut i sjøen av dei hjelpelause draumar
og dei ynkelege sinn
Der berre ei kan dra meg innEg har 1000 bøkar lest
for å bli den som har eit svar
Og eg er kjend i land som knapt har namn langt her ifrå
No står eg utan mi arme råd
Det stryk ein vind som er så god
og bak meg er ei dør som forgylt imot eit nytt og ukjent landOg var det Inger?
Inger som var namnet
Eller Ingrid?
Det er ‘kje godt og sei
Det gjekk så fort, og eg trur eg sklei
Og eg ramla ut i sjøen av dei hjelpelause draumar
og dei ynkelege sinn
Der berre ei kan dra meg inn
før eg driv av og forsvinnOg eg har vore ute i verden i blant krig og naud og frykt
Og eg har gjort alt som eg kan for å få utrygt til å bli trygt
No står eg her og veit kje råd
Men eg veit at det neste landet eg vil sjå
Eg vil snu meg, gå opp trappa, banke på.Men var det Inger?
Inger som var namnet
Eller Ingrid?
Det er kje godt og sei
Det gjekk så fort, og eg trur eg sklei
Og eg ramla ut i sjøen av dei hjelpelause draumar
og dei ynkelege sinn
Der berre ei kan dra meg inn
før eg driv av og forsvinn
Der berre du kan dra meg inn
Så ver så snill og slepp meg inn -
Kalde vindar stryk innover land
Men det gjer ‘kje, det gjer ‘kje det grann
Og regntunge dropar til naser finn fram
Men det gjer ‘kje, det gjer ‘kje det grann
For linerla trippar så kjeik og så blid
Med sine tusen songar om sommar så stryk ho forbi
Tirili rili rili tirili rili riliOg ørna den ligg der på vinden med høgaste nuten
som stål og som jarn
Men under, i berget, der er ho så mjuk
for der passar ho sine små barn
Ho ligg der og og ser ut på havet og tenker:
Mot kjærleik er stormar og frådande sjø ingenting
Tirili…Du må ikkje sova for natta er ny
Det blir jonsokdans her til morgongry
Du må ikkje sova når sola den renn
Då skal me elske kvarandre og danse for denOg graset det blømer i overmot
og det kryp over stein og mot fjell
Ja, våren er krona med seier, og livet er
aldri så liv som i kveld
Og når alle ting bugnar av ljos og av liv
Er det rart at eg ler når i dansen eg sviv
Tirili…Nei, du må ikkje sova for natta er ny
Det blir jonsokdans her til morgongry
Du må ikkje sova når sola den renn
Då skal me elske kvarandre og danse for den -
Høyr no på meg
Kan alle reise seg
Så fyller me eit venskapskrus
med det me måtte ha
Og seier far – farvel
Me møtest snart igjen
Så skål for lykke og god tur
Me ventar her på lurHer i
Knert Mathilde
Knert Mathilde
Blomane i flor
Fuglen over fjord
Knert Mathilde på vår jordEi tåre på eit kinn
Eit skrubbsår i eit sinn
Det er eit hjarte som fortel
at nokon slapp der inn
No er det far – farvel
Eit hus skal stå forlatt
Men me er lyft av glede for
den dagen de kjem attHit til
Knert Mathilde
Knert Mathilde
Blomane i flor
Fuglen over fjord
Knert Mathilde på vår jordFar- farvel
Far – farvel
Og skål for den forblåste øy
eg leva vil og døyKnert Mathilde
Knert Mathilde
Blomane i flor
Fuglen over fjord
Knert Mathilde på vår jord -
Kva vil du ha for å bli glad?
Kakao og eit knekkebrød, ei pute og eit blad?
Kva vil du ha for å bli glad?
At alle ting skal vera berre nettopp slik dei var?Kva vil du ha for å bli blid?
at me skull’ trylle klokka bak til seks når ho var ni?
Kva vil du ha for å bli blid?
At eg skal alltid seia berre nettopp det du vil?Gjev meg eit teikn, eg prøvar å forstå
Kva vil du ha for å bli glad?Kva vil du ha så me kan le?
Ein vits og ei grimase, eller kiling, hjelper det?
Kva vil du ha så me kan le?
Nei, eg får ikkje kvile før me får det til å skjeDu er så vrien å forstå, vil du kanskje eg skal gå, og at mamma bankar på
Er det TV du vil sjå?
Eller er det noko anna som ingen vaksne kan forstå? -
Må eg spørje kva du kom hit for
kom hit for
kom hit for
Og må eg spørje kva du
smiler for
smiler for
Når du vil ta oss med ein annan stad
Og mamma ho vil ver’ med
Men du veit det er den siste ting som eg vil at skal skjeEg vil vera der som eg er glad
eg er glad
som eg er glad
Og veit du at det var det eg var
det eg var
det eg var
Men så kom der ein kalde gufs i huset her i stad
Og no kan eg aldri smile att for orda som du saOg kanskje kan du vera pappen min,
pappen min ein dag
Men vil du eg skal vera ungen din,
ungen din ein dag
Så her det her det som du vil ha
Og du kan låne men du kan ‘kje ta
Du kan få, men du tek det aldri herifråMå eg spørje kva du kom hit for
kom hit for
kom hit for
Og må eg spørje kva du smiler for
smiler for
smiler for
Eg vil berre at alle ting skal vera som dei var
Eg vil springe ned til sjøen
kaste stein og ha det bra -
Han ventar aldri morgondagen blåe
Men alltid er du med han når han dreg
Og dagen gjev både sol og skyer gråe
Men det er du som finn ein veg
Og vegen er dei underfulle planar
i løyndom du går rundt og tenker på
når tanken går i altfor store banar
Men ein morgondag så blå
skal du få
skal du få sjåNår blyanten på arket går i krullar
slik du blir sagt at blyanten skal gå
Og du har skrive firogtjue nullar
men så blei det visst for få
Du drøymde deg visst bort i sag og spiker
og stort blei huset langt oppi eit tre
Men støre er den dagen når du sit der
Og ein morgondag så blå
skal du få
skal du få sjåFor ja! Det kan vel hende, det som draumen din fortel
At ein dag, langt der ute, så blir den deg til delOg når regnet slepper over deg ei byge
og vegen heim er våt og kald å gå
Og du tenker at viss berre du kunne flyge
Ja, ein morgondag så blå
skal du få
skal du få sjå -
Kommer.
-
Item description
Nordstoga
-
Tekst og musikk: Odd Nordstoga
Eg gjekk ifrå mitt heimland
eg gjekk ifrå ei doggfriske seng
for no ha’ timen kome
Timen før det startar
å kruse seg på sjøen og føre
heile husi vaknarSå kjem ein låt som kløyver lufta
Så kjem ein båt som kløyver sjøen
Så kjem ein radio på
Så kjem det dundring ifrå trappa
Så kjem det skarpe rop på far
Så kjem eit vindkast ifrå sør
Så er det søren ta meg dagD’æ fint å vera vaken
når alle andre blundar og søv
og no hev timen kome
Timen her aleine
på brygga i eit nydeleg ver
som berre ein mann serSå kjem ein…
No er det dag
No er det handling og kranglig og ferie
No er det dag
No er det dag
No er det søren ta meg dag -
Tekst og musikk: Odd Nordstoga
Eg hev styrta meg sjølv i eit bed eg
berre molda og røter omkring
Eg gjekk heim med ein gjeng alkoholar
no hev mørkeret mørkt kome inn“Sei meg likar eg livet som stranda?”
ropar eg frå mi syltynne grav
Kanskje hvis eg ha’ kome i fengsel
kanskje lengselen hadde vunne ein karHer på mi grunne grav
hev eg lyst til å ver i dag
Her på mi grunne grav
hev eg lyst til å ver i dag
hev eg lyst til å ver i dagEg er grå, ja så grå som eg greier
men mi gråhet er grunn som mi grav
Eg er dum; kalkulera forkomen
ja eg veit det, det er herleg iblant -
Tekst og musikk: Odd Nordstoga
Tenk om ein dag hell to
like godt kunne vera ei veke
Tenk om mitt svar til deg
og di tolking på det var like
Tenk om tala mi spegla av
det som eg hadde tenkt å sei i dag
og det blei som eg ville
du svara meg som du silleFryd, berre fryd
kanskje kunne me tie
litt meir
berre frydTenk om ein dag hell to
like godt kunne vera ei veke
Tenk om min hug til deg
og din trong til meg dei var like
Eg kunne gløyme å ta deg med
når eg trong deg så var du der like ved,
kom med ost og persille
just dei slaga som eg villeMen ein dag hell to
det varer ‘kji ei veke
Og mitt svar til deg
og di tolking er ‘kji like
Så derfor må me preke mykje meire hell bekvemt
så derfor må me preke mykje meire hell bekvemtog songen blei beklemt
den her songen blei beklemt -
Tekst og musikk: Odd Nordstoga
Ja vel, sa eg og tålde stilt til ti
det vil sei eg tålde heime
Heime aleine tålde eg
men lengre enn til tiJa ja, det tenkte eg og det var det
Men så tenkte eg litt meire
hotfor er det alltid berre meg
som tel som berre detDet gror seint, seint så seint
Det gror beint, beint så beint
Det er deg det gjeng vidare på
det er deg det endar på
du skal all den driten få av megVersågod og tak imot med takk
for det er så det her må vera
eg er bestikket på ein annans fat
og svarar med min takkNo kjem alle argumenta fram
men min herre han er borte
Når du står der med din milde favn
kjem ukvemsorda fram -
Tekst og musikk: Odd Nordstoga
Hor er alle gutane
Hori er min hest
Hor er alle jentene
ingen her i vest
Den raude månen er borte
ørkenen, heller våtRi mot vest var det som stod i boka
dera var det land
marker som gav nok te’ fylle bordet
No hev eg kome fram
til det landJa eg hev planlagt det
kaupt meg hatt og sal
sko med store spenne til;
bruka Wayne som mal
mellom dei blanke skjorteknappar
syner ei kåbboybringe seg framRi mot…
hori er mitt pokerlag
hori er mi løn
og mitt gull på åkrane;
æra som var grøn
I ein usynleg flaum imot havet
der hev æra runne medDet tek tid å gro opp til den som far din ville bli
Det tek tid å sjå at dei ideala er forbi
min kåbbåy blei ein vits i den moderne tid
Det er ingen vits å ri -
Tekst og musikk: Odd Nordstoga
Solo
Du er som solo
Du er søt og våt
og brusar når ein risterEllers så er du like god
om ein sparer deg til jol
Ein kan drikke som besett
oppi seng, hell i ein stolSå veks ein frå det
Så ein dag så veks ein frå detWhiskey
Ho er som whiskey
Ho er brun og rund
og tærer på min årgangAlltid så hev ho korken av
difor roser i mitt kinn
hennes vesen er så klart
men ho skuggelegg mitt sinnSå sit eg i det
Så ein dag så sit eg i detHo er fin å vente på
Men ho et meg lag for lag
Eg er heime her ein dag
Men hev mista mål og trådI det
Så ein dag så var eg i det -
Tekst og musikk: Roald Kaldestad
Dagen er her då eg skal dra
Hesten er skodd og veret bra
Fuglane syng i kor
utan ordIngen som ventar lenger no
Ikkje ein han – ikkje ei ho
Ikkje ei veke – ikkje to
Eg reiser noDet er tid – for å sala opp og ri av stad
Det er tid – for å brenna
Det er tid – for å setja sine eigne spor
Eg er friRegnet i håret – blikket fritt
Alt dette her er berre mitt
Prærien ligg der
Vinden ber mine stegHerifrå må vel alt bli godt
Herfrå skal livet levast rått
Utifrå svart og inn i blått
gjennom gråttDet er tid…
Ofte så ser eg meg sjølv
Ein liten gut på ei strand som ser imot byen
Ljos som funklar der inne
Regn over brustein og tog som skal gå -
Tekst og musikk: Odd Nordstoga
Bakom din rygg
hender det mangt slag rart
Det sydar av ung fantasi
om hossi du er når du vil
Men ikkje i meg
for eg skal bie på degSynet av deg
tenner ein damp i dei
Dei tryglar og ber om å få
Men eg hev lagt meg alt då
og drøymer om deg
for eg skal bie på degEg hentar deg når du er omme
Eg hentar deg når dei er lei av deg
Eg skal ta deg i armen og føre deg
og gjeva deg alt det du vil ha
Og så skal eg sei eg hev lengta etter degEg byr deg mi hand
den kostar deg ingenting
dei byr deg på tobakk og mjød
men ventar seg sitt av ditt skjød
så kom no til meg
for eg skal bie på deg -
tekst og musikk: Odd Nordstoga
Ljos i glaset
heime seint frå skulen i dag
Nokon har steikt pannekaker
ventande på han
Det gjeng mot kveld for den
siste generasjon som lengtar heimDer står fjella
og eit hus, ein veg, der VAR ein
Innimellom liene som mister sine dikt
Der stod ein våt ein frå den
siste generasjon som lengtar heimMen dei pannekakene, dei husa og den vegen er ‘kji hera
Hera er ‘kji plassen og bu her er plassen å vera
Men herremann då Ronald!
Berre bønder tenkjer slik
Berre bønder tenkjer slikNatt i byen
Ljoset held folka i hop
Langt ifrå så kan ein sjå at
hera bur det folk
Her er og Ronald frå den
siste generasjon som lengtar heimMen dei panne….
Kjære Ronald
Du er ‘kji einsam om det her
Få av dei du møter er vel heime?
Få av dei du møter er vel heime der dei gjeng
imot si sengFor dei panne….
Ljos i glaset
Heime seint frå byen i dag
Nokon har steikt pannekaker om ikkje det var Mor
Det gjeng mot kveld for
den siste generasjon som lengtar heim -
Tekst og musikk: Odd Nordstoga
Ser ut som det regner no
Store dropar fell
imot vår kveld
Du ser litt slegen ut
Stod du der som taket lok?
Er du ein av dei som regnet tok?Kom hit på det tørre då
Du kan låne skjorta og min stol
Her er mjuke putevar
og eit pledd, det legg eg her
du kan taka det med deg når du ferOm det berre kom litt
sol på Line
hell på Line
tru på ho
hell
Om det berre kom
om det berre kom
om det berre kom ein prins
Om det berre kom snart
om det berre kom snart
om det kom ein prins
snartEg veit du er vinglen ja;
ser det i ditt steg som manglar veg
der det er retning i
Slike ventar regnet på
og dropane treffer hjarterå -
Tekst og musikk: Odd Nordstoga
No datt lauvet ned framom benken
det er fleire der det kjem ifrå
For no skriv me alt månaden september
og min himmel den er bleikare dåOg gatene dei stivnar i forma
og støvet legg seg ned for i år
og regnet er ikkji godt, men ein vane
Det er inne det no foregårDet er så mangt som ingen av oss kan snu
Men eit bank på døra
så var det visst du
Og ein sommar renn ut i flaumar mot sjøen
men eg veit at den òg kjem att ein gongUte er det snø snart
kjem hit snart no
eg veit det
Ein treng ‘kji vera filosof eller
finansanalytiker for å skjønne slikt som det
No kjem det snø snart
kjem hit snart no
Så kom du før den fyrste snøen
som må gjeva seg og smelte bortDei reiser, dei som kjenner sitt sinnelag
og snappar korte vårar i fart
Men det er ein av mine små skattar;
å miste ting, for så å få dei att
Luring
-
Grisen står og hyler
I den stille kveld
(Han skal ikkje slaktast
Men hyler likevel.)
Fir'og tjue kråker
Sit på ein madrass
Endå ei vil sitje
Men det er ikkje plass
Månen står og lyser
Rund og feit og kvit
Reven Kjem frå skogen
Og luskar hit og dit
Fiskane i havet
Søv og drøymer søtt
Nøkken nedi tjernet
Har eg aldri møtt
Mor og far har lagt seg
Eg er vaken, eg
No klatrar eg ut glaset
Så springer eg bort til deg
Mens grisen står og hyler
Og månen lyser kvit
Sit du og eg på taket
Og ler og pratar skitMens grisen står og hyler
Og månen lyser kvit
Sit du og eg på taket
Og ler og pratar skit -
Sit på ein flyplass og dreg i tida. Blæs opp ein tanke i ny og ne
Rastlaust så hiv eg sekundar til sides og seint blir det forma ein
Haug av det
Ser ned på haugen av tikketakkar, ein haug som det ikkje er
Meining i. Ein slik ein finst ikkje i almanakkar, for dette er slett
Ikkje avtalt tid
For om alt blei som avtala var, då ville eg sluppe det her. For om alt
Blei som avtala var, då ville eg sitje og roa meg ned og
Sagt "Ja takk" til Kaffe og "Nei takk" til te i eit fly som gav full gass
Imot Texas
No hev eg sanneleg tid å miste. Dette er ikkje ei matpause med
Pust i bakken og herleg niste med pølse på, og ein kopp med te
Lener meg bak og med augo blundar. Hev ikkje meir eg kan tenke
På. Eg tikkar i takt med mitt tårn av sekundar, eit tårn som ikkje
Kan flyttast på
For om alt…
Klokkene tikkar for tankar tause og dette er livets reklamepause
Men klokkene rundt om kring, dir byr 'kje på nokon ting…
Imot Texas! -
Bryr meg ikkje om veret
Det er då så mykje ver rundt om kring likevel
Bryr meg ikkje at himmelen hev opna, så fjellet, det er stengt
Så eg kjem ikkje fram dit eg skulle vore i kveld
Men det eg skulle der, nei det bryr meg ikkje stort likevel
Bryr meg ikkje at katten er borte og bilen snødd ned
For det her er farvel til deg
Det her er eit sjumilssteg. Det jer, det er endeleg
Endelig takk til deg. Det her er min nye veg
Ein mann treng å lea seg, og det skal eg utan deg
Det her er farvel til deg. Det her er farvel til deg
Og eg er glad for det!
Bryr meg ikkje om det ringer. Det er då så mykje ring rundt om kring likevel
Eg slår ring om alt som minner om deg og så hiv eg det ut og seier farvel til deg
Det her er eit sjumilssteg…
Bryr meg ikkje om tida
Den greier å gå av seg sjølv utan meg for ei stund
Nei, eg brydde meg heller 'kje stort om det var så at
Om det var slik at månen var borte, stjernene borte
Sola var borte, lufta var borte
Og havet; det draupt til ein annan planet
Og at det var eg som oppdaga den absurditet
For det her er farvel til degDet her er eit sjumilssteg...
-
Ute hev karane grave i dag, men eg er her i mitt hus
Dei hev sett opp ei brakke og sett opp ei kran, men eg er her i mitt hus
Eg er her i mitt hus. Eg er her. Eg er her i mitt hus
Hallo, hallo, hallo! Hallo, hallo, hallo!
I dag trur eg lauvet hev vokse seg stort, men eg er her i mitt hus
Gater er fulle av folk som vil ut, men eg er her i mitt hus
Eg er her i mitt hus. Eg er her. Eg er her i mitt hus
Hallo, hallo, hallo! Hallo, hallo, hallo!
Eg dragast mot ruta og byens agenda
Men eg hev ein annan som ikkje hev enda
Kom inn med ei grein med litt nykome lauv på
Kom inn med ein smak av ein klode med liv på
For eg er her i mitt hus. Eg er her i mitt hus
Hallo, hallo, hallo! Hallo, hallo, hallo!
Grannen han spelar på valthornet sitt, men eg er her i mitt hus
To kattar dei slæst nedi portromet mitt, men eg er her som du veit
Eg er her i mitt hus. Eg er her. Eg er her i mitt hus
Hallo, hallo, hallo! Hallo, hallo, hallo! -
Orda du gav meg var vinter og snø
Sommar og blomar, min vin og mitt brød
Orda eg fekk, dei vil alltid stå
Og dette er songen eg fester dei på
Det her er min song
Dette er songen
Dette er songen eg fester dei på
Du stod ein gong her på trappa hjå meg
Du stod her på trappa å smilte til meg
Mitt rom blei bustaden for dine steg
Frå den gongen på trappa du smilte til meg
Slik fekk eg orda av rørsle og ro
Orda er alt eg kan halde kring no -
Eg budde i eit kollektiv i eit litt forsinka liv. Og no hadde eg og ho
Som hadde lagt ein arbeidsdag, tappert sett i gang med fag
Trur eg var på side to. Då kapitulera eg og sa til ho:
Altfor mange lause ting, altfor mørke krokar, altfor mykje
Skummelt rot, altfor store flokar, altfor store rom, altfor mange ord
Altfor mange gode råd gjev altfor mykje å tenkje på
Kor er den beste teori for ei lukke og litt fri?
Kva er pensum for å få raustlause menn til å få ro?
Ikkje boka eg les no. Ikkje den eg las i går, og faga eg må ta
Opp att til neste år
Altfor mange lause ting…
No er eg over tredve år, ikkje akkurat i min ungdoms vår
Men eg er like dum som då eg hadde guterom. Jau då, eg er då
Intelligent (Litt over snittet trur eg omtrent). Gjev meg misjonen
Livsmisjonen, eg skal greie den
Men det er altfor mange lause ting -
Ein seng står langsmed veggen her. Den kaupte eg i Bergen då eg budde der
Hyllene tre står på kvar sin stad med tome permar og lause blad
Telefonen har gjeve med mange svar. Og pulten den står på, har eg fått av far
På veggen mot aust heng eit måleri av eit tun eg faktisk har leika i
Eg har gitaren min i ein krok. Den har skuld i nokra val eg tok
Me har vor'ute så mang ei gong. Eg trur at i kveld så skal me ta ein song
Så kjære mademoiselle, do treng 'kje kom' til meg i kveld
Over meg har eg nok himmelen, men dette er ikkje ein dag for den
I dag har eg lukka i lomma mi. Det er himmel nok viss ho berre blir
I meg ein flik av ei sjeldan ro. Veit ikkje kvifor ho kom hit no
Men rundt meg mi dagbok i tusen ting som tek hugen med på ein liten sving
Og bortmed veggen ein trefigur eg kaupte då eg var på Afrikatur
Den har eg drege med like hit, eg trur at ein dag så dreg den meg dit
Så kjære mademoiselle, do tren 'kje kom' te meg i kveld -
Tekst: Stein Versto
Melodi: Odd Nordstoga
To elver renn gjennom landet Ur,
møtest der, og høgt frå ein mur
ser du opptog med faner og vimplar i vind;
der elvene møtest skrid opptoget inn
Eit bord med safirpynta beger av gull,
hyller med kunnskap, rull på rull
salar med strengespel, song og lått,
ringdans med fløyter og harpeslått
Så snør det i landet: gløymslesnø
Borte blir borga og gløymde dei brød
som metta dei fem tusen munnar frå korg:
Andlet ber blindt på ei tusenårssorg
Og ingen kan minnast dei linne drag
i dronningas andlet den fagre dag
då landet her kvilte i heilag fred
og alle hadde kjærleik å elske med
Ei dør slår opp i den stille kveld,
gjennom opningen anar du skinet av eld
og stemmer som vinden ber fram der du trør:
Dette er noko du kjenner frå før
Ei hand spelar terning i fakkelskin,
ein fot trør i dans under ljost, mjukt lin;
dei er her, dine bortgløymde systrer og brør:
Dette er noko du kjenner frå før
Gløym slitet for glede og frykta for sorg;
det er her, alt du treng, det er brød i ei korg
frå eit løyndomsfullt bord i så fast ei borg,
Sjå, her er dagen som renn
Sjå, her stig sola for deg
Sjå, her er korga med brød for alle
i borga i landet Ur
-
Kom!
Vil du 'kje høyre ein song?
La ulvane hyle i veg
Det er ingen som ser at me dreg
Eg skal synge den berre for deg
Eit hjelpelaust tåpeleg vers
Men det er henta frå engelsk kommers
Så skal eg halde deg lageleg varm i vid forstand
Så kom! Kom! Kom! Vil du 'kje høyre ein song?
Tull! Du veit 'kje om månen er full
Når sikten er så å sei null
Og alle ser for seg eit...
Eit soveromsglas, under ligg du i din soveroms stas
Og inn kjem ein morgon med snus
Og nykoka kaffe i krus
Og den, den skal halde deg lageleg varm i vid forstand
Så kom! Kom! Kom! Vil du 'kje høyre ein song?
Så tek du vel kåpa di på
Og eg har fått terningkast to
Men kaffien, den sa du var godDagen kjem og me er 'kje i lag
For Venus er fanken så vrong
Og eg skriv nok endå ein song
Og den, den skal halde meg lageleg varm i vid forstand
Så kom! Kom! Kom! Vil du 'kje høyre ein song?
Så slå til og kom! Kom! Kom! -
Ditt hovud det manglar ein cowboyhatt
Det ligg der og drøymer kvar einaste natt Om livet i brennande præriesol
Eit liv der du ikkje treng heim til jol
Du rir slik in krusar i Cadillac;
Med mysande augo og kroppen slakk
Og kjem der ein slange så sei' du holdt!
Så skyt du han daud med ein sylvblank Colt
I ein draum i ein natt, og månen skin og kaffien er fin og svart
Det er natt under ein hatt, ein rett og sagt jæskla tøffe Cowboyhatt
Ditt liv har meining forutan mål
Du hopper av hesten og gjær opp eit bål
Du har ingen evalueringstrang når sola går ned bak ein svart mustang
Og så kjem du fram til ein by i sør
Der truleg Clint Eastwood har vore før
Der sjela blir kvesta og kroppen sett fri
Men for deg gjer det lite at det er slik det blir
I ein draum…
Og full det er du støtt, for moralen er 'kje født
Så alt du tenkjer om alt det som blenkjer; det er slikt ein fær
Alt du treng er litt begjær og eit jentefang
Ein blank mustang tek deg snart ut på farten
Og hesten, ja, hesten heiter SvartenMen vaknar, det gjer du. Og der ligg ho som spør:
"Hott i kloden va'det du drøymde no?"
Du svarar du har hatt deg ein opplevingstur bort ditt som cowboyar og indianarar bur -
I dag var der ein fugl her i glaskarmen min att. Sjeldsynt glede: Den sama gamle fuglen Stod der med sitt gule nebb og nappa sine fjør, Slik som eg kan hugse at den fuglen har gjort før
Og han hadde med til meg eit godt råd og eit vink. Godt råd, godt vink til sama gamle skolten Som timesvis hadde stått i glaset , sett ut på ein by, Som om han stod og venta noko nytt ut av ei sky
Og når Newton under treet fekk eit eple i sin skolt Trur eg nok han hadde venta lenge nok. Han sat nok der og tenkte litt på det og litt på det. Så kom det ein fugl, ein fugl som gjor' at eplet det datt ned
Så set deg ved eit glas eller under eit gamalt tre. Vent til både glas og tre blir borte. Det er då han kanskje fyk seg bort til deg ein liten sleng, Og rister ut eitkvart ifrå sin vesle fugleveng
I dag var det ein song som kom ifrå min vesle ven. Og no skal eg synge den for deg. Ikkje noko stort noko, men trengs gjer og dei små tankar som ein ikkje fær før dei blir venta på -
Sola har sovna, så månen har fri
Og jorda, ho er ikkje heime
Jorda er borte hjå kjærasten sin
Så eg syng min sjøfararsong som alltid har virka før
Eg syng min sjøfararsong for finver og goe bør
Og at allting skal bli slik som før
Jorda har gløymt meg, ein båt og ei mast
I den sit ein måse og glor
Den tenker nok: "Her var det meir fisk i fjor"
Så me syng vår sjøfararsong
Snart kjem ein styrmann med kart og kompass
Han veit ikkje opp eller ned
Hadde jorda vore heime, ja, då visste me det
Så me syng vår sjøfararsong
Fatig ferdamann
-
Tekst og melodi: Odd Nordstoga
Kan du tru på ei styrande hand
som leier deg over og set deg i land
til himmelske hagar og englesong –
trur du det du, at det hender ein gong?Vel, eg trur på lauvet, på gras og på blom,
som tøyer seg ut mot det store rom,
og alltid vil snu seg dit sola står –
så er den vel slik òg, den vegen eg går.Kan du tru at ein stein glei ifrå,
og opp frå ei grav fekk han levande gå?
Ja, evig fine er salmenes song –
men kan du tru det, at det hende ein gong?Vel, eg trur på dagen som kjem etter natt,
eg trur etter gråten så kjem der lått,
og eg ser vel at vinter blir vekt til vår –
så er det vel slik òg, på den vegen me går.Men, trur du at det kjem ein og dømer oss ein dag,
og at det blir eit vinnar- og eit taparlag,
og at nokon dei får gå inn gjennom himmelporten trong –
trur du det du, at det hender ein gong?Vel, eg har kjent på godt og eg har kjent på vondt,
eg har sett i hop med kjærleik og slege sundt,
eg har gjenge grøne enger, eg har trødd i skår –
eg trur dei dømer etterkvart her, på den vegen eg går.Men, eg er ein fatig ferdamann og eg har ingen svar.
Kom, set deg ned, så kviler me med sola glar.
Sjå! Ein lysande krans over myrkret rår –
så er det vel slik òg, på den vegen me går. -
Tekst og melodi: Odd Nordstoga
Ein er for, og ein er mot.
Ein er klok, ein idiot.
Ein har feil, og ein annan har rett.
Visste eg kven som var kven
så var det vel lett.Ein er sterk, og ein er veik.
Ein sto i kø, ein annan sneik.
Ein gjer godt og ein annan vondt.
Ein reparerar og ein annan slær sundt.Det er ein fin fin balanse
og det er godt for meg og deg
at nokon fann opp opp
og nokon fann opp ned,
og nokon fann inn
slik at eg kunn’ finne ut
at
når alle saman er med,
når alle saman er med,
når alle, alle, alle, alle, alle saman er med
finns det grunn te’ vera,
er det greit å vera
mot.Ein er fin og ein er stygg.
Ein er farleg, ein er trygg.
Ein er svart til sinns og ein annan heilt kvit.
Nokon slepp lett, og nokon dei slit.Det er ein fin fin balanse
og det er godt for meg og deg
at nokon fann opp opp
og nokon fann opp ned,
at nokon fann inn
slik at eg kunn’ finne ut
at
når alle saman er med,
når alle saman er med,
når alle, alle, alle, alle, alle saman er med
finns det grunn te’ vera,
er det greit å vera,
kan det ver’ lurt å vera,
er det godt å vera
mot. -
Kommer.
-
Tekst og melodi: Odd Nordstoga
1, 2, 3, dette er ein dans for dei som ikkje kan danse,
som ikkje kan veive og vrikke
og vèr fri
i 5 minutts tid,
som ikkje kan gjeva seg over
til trommenes tromming og trommelom
utan å ha tenkt seg om.Dans, dans, dans!
Gje deg over.
Dans dans dans!
Kom deg over og
dans, dans, dans!
Livet er ei gåte,
og dansen din er gåtefull,
så gåtefull,
så kom!1, 2, 3, dette er ein sjans for deg som ikkje har sjanse
til å la føtene danse
att og fram
utan skam,
som ikkje let hendene peke,
til vanleg, utan noko peike på.
Her er din sjanse!
Her er din sjanse!Dans dans dans…
1, 2, 3, dette er kunsten for deg som ikkje kan kunsten
å vise med hender og føter
det du finn
i ditt sinn
som sydar og putrar og kokar
og vil ut, og på forløysing det ropar:
Få ut!
Få ut!Dans, dans dans…
-
Tekst og melodi: Odd Nordstoga
No er det ut med sommaren
og inn, som nye, gamle ting.
Og snart skal eg sjå deg igjen –
når hausten set seg sjølv i sving.
Og kanskje er du brun, og har fått deg nye sko?Så var den over, sommaren.
Og vekkeklokkene står på.
Men om me nærmar oss smått om senn,
vil me igjen kvarandre nå?
Kanskje blir det som, som om ingenting har hendt?Eller har julinetter gjeve deg nye kort,
som det ikkje er heilt enkelt å legge bort.Det er så rart med sommaren –
den opnar vindauge og dør,
og inn til hjartet fyk det inn
med mangt som ikkje var der før.
Snart fyllast gatene av klokkenes regi,
og slik som det har vore, er slik som det kan bli.Men vil du stryke meg på armen
og sjå meg lett i augo,
så lett som i vår?
Og vil eg stryke deg over kinnet
og stille av din lengsel,
gjer godt dine sår?Eller har julinetter lete deg gåver få,
som det ikkje er heilt enkelt å snu seg frå? -
Tekst og melodi: Odd Nordstoga
Det perfekte teater
er rundt eit bord ein laurdagskveld.
Det er ingen inngang å betale,
du får ver’ med likevel.
Og rolla di er slik som mi:
Få det til å funke,
få det til å gli.Det perfekte teater
er ikkje på National i kveld.
For her har alle sine masker,
og manuset og timing er på stell.
Og alle kjenner til rolla si:
Det er å få det til å funke,
få det til å gli.Det perfekte teater,
det er slik som ein kan ha det,
det er heilt bra det,
ingen som tek skade.
Det perfekte teater,
det er slik som det kan ver’,
det er som ein ser det,
det er som ein gjer det,
og alle kjem heilt heim,
kjem like heile heim.Det perfekte teater,
det er ope no og her i kveld.
Det går side etter side
langs ein velprøva modell.
Det er eit skjørt og farleg maskineri,
så det gjeld om at det funkar,
at ein får det til å gli.Det perfekte teater,
det er slik som ein kan ha det,
det er heilt bra det,
ingen som tek skade.
Det perfekte teater,
det er slik som det kan ver’,
det er som ein ser det,
det er som ein gjer det,
og alle kjem heilt heim,
kjem like heile heim. -
Tekst og melodi: Odd Nordstoga
Denne songen skreiv seg sjølv,
kom med båt frå Belgia.
Og dei var vel tjue mann
som la skuta til ved land,
lasta opp med te og vin,
silke, sukker og appelsin,
og til slutt ein song eg fann
som rann i land.Skuta var av gamalt slag,
gamle segl og master.
Dei ombord av gamal sort,
skjemt av alt dei hadde gjort.
Piperøyk og billig rom
fylde lufta når dei kom,
og til slutt ein song eg fann
som rann i land.Det var songen om kjærleik og forlis.
Men alt ein misser kjem heim att på eit vis,
for til slutt ein song eg fann
som rann i land.Skipparen med sitt store skjegg
hadde si forteljing
om ei ferd på store hav
der havet tok og skipper’n gav.
Men det var i Singapore
det store sjømannshjartet for,
og det var nok der at
songen kom om bord.Det var songen om kjærleik og forlis.
Men alt ein misser kjem heim att på eit vis,
for til slutt ein song eg fann
som rann i land.Og så rauk det opp med storm
utpå store havet.
Fleire stormen smaka fekk
enn som kan sei deg hoss det gjekk.
Skipper’n vår han mønstra av.
No ligg han i det store hav,
i det store myrke djupet, i si gravDet var songen om kjærleik og forlis.
Men alt ein misser kjem heim att på eit vis,
for til slutt ein song eg fann
som rann i land.Kjærleiken står att på land
i landet aust i havet,
står der med sitt svarte hår
og slikkar sine hjartesår.
Skuta ut av havna glei
og att var det som aldri blei,
og ein liten song eg fann
som rann i land. -
Tekst og melodi: Odd Nordstoga
Så lenge eg har selskap
tek eg ein smell.
Så lenge eg veit det er fleire
som ikkje har alt på stell,
så lenge eg veit det er fleire
som ikkje får sova i kveld,
så lenge eg har selskap;
så lenge
så lenge
så lenge tek eg ein smell.Så lenge eg har selskap
kan eg stå i kø.
Så lenge eg veit det er fleire
som også må stå og trø,
så lenge eg veit det er fleire
som held på å gå i frø,
så lenge eg har selskap;
så lenge,
så lenge,
så lenge står eg i kø.Så lenge eg har selskap
kan eg ver’ sist.
Så lenge eg veit me er fleire
kan eg vera einsam og trist,
så lenge eg veit me er mange
som også har bomma og mist,
så lenge eg har selskap;
så lenge
så lenge
så lenge kan eg ver’ sist.Så lenge eg har selskap
kan eg ver’ dum
Så lenge eg veit det er fleire
så toler eg godt ein bom
Så lenge eg veit det er fleire
som heller ‘kje latar som om
Så lenge eg har selskap
så lenge
så lenge
så lenge kan eg ver’ dumSå lenge eg har selskap
kan eg ver’ snill.
Så lenge eg veit det er fleire
som også legg godviljen til,
så lenge eg veit det er fleire
som også kan teie still,
så lenge eg har selskap;
så lenge
så lenge
så lenge kan eg ver’ snill.Så lenge eg har selskap
greier eg alt.
Så lenge eg veit me er fleire
så kan det ver’ aldri så kaldt,
så lenge eg veit det er fleire
som ikkje stakk av om det gjaldt,
så lenge eg har selskap;
så lenge,
så lenge,
så lenge greier eg alt. -
Tekst: Ragnar Hovland
Eg er han som teier i skogen
Eg er han som sjeldan får svar
Eg er bror til dei byksande harar
og mårens åndelege far
Eg slår kløktige akkordar
på min eigen indre gitarMelankoliens avenyar –
Der var eg heime ein gong
Eg trudde alt det vakre som Astrud Gilberto song
med Marty Paich sitt orkester
i nittensekstifem
og diktarens ord kom føre meg:
”Du skal aldri komme hjem”Eg har ein vind i mitt hjarte ein saksofon i mitt bryst
eg eig eit sommarleg minne
om jentene eg har kyst
eg står her no og teier
nett så lenge eg har lyst
Heim te mor
-
Eg vill liva og ha kul på fire hjul
Vera spilemann på tur – falalala
Og bilen den er trong så den reisa den blir long
Men i kveld så blir det song – falalalala
Ja, i kveld så blir det song – falala
Men mor, å mor
Eg lengtar heim te mor
Eg er stor, eg er stor
Men ikkje så stor
Eg lengtar heim te mor
Det er spiling det er fest, mat og vest
Utan politi og prest – falalala
Og jentune i kor syng en song på mine ord
Ja musikjen den er stor - falalalala
Ja, musikjen den er stor – falala
Men mor, å mor
Eg lengtar heim te mor
Eg er stor, eg er stor
Men ikkje så stor
Eg lengtar heim te mor
Utpå kvelden på ein tram får me ein dram
Treng'kje sol for å bli varm – falalala
Og ei sommarnatt e mild for ei jente og ei til
Men me siter som me vil – falalalala
Ja me siter som me vil – falalaMen mor, å mor
Eg lengtar heim te mor
Eg er stor, eg er stor
Men ikkje så stor
Eg lengtar heim te mor
Eit einsamt trekkspill uti åkeren står
Med hål i belgjen etter dansen her i går
På trappa sitt ein kar i dressen til far
Og ringer til ei jente men det er'kje noko å hente der
Så eg gidder'kji å vente meir
Eg reiser heim, eg reiser heim til mor
For eg lengtar heim te mor
Eg er stor, eg er stor
Men ikkje så stor
Eg lengtar heim te mor
Eg lengtar heim te mor
Eg er stor, eg er stor
Men ikkje så stor
Eg lengtar heim te mor -
Frøken Franzen, frøken Franzen, eg er ikkje den du trur
Eg vil gjerne vera brudgom dersom du vil vera brur
Frøken Franzen, eg er heime, om du bankar på mi dør
Kjem eg gjerne med min limousin, er gjerne din sjåfør
Frøken Franzen, denne songen syng eg aller mest for deg
Eg har sett deg mange gonger, men du kjenner ikkje meg
Frøken Franzen, du er med i tusen TV-program
Der dei talar kjapt og trygt og lett og stikk seg fram
Gjev meg sjansen
Gjev meg sjansen
Snille Frøken Franzen
Frøken Franzen, d'er 'kje alltid like lett å vera her
Når eg drøymer om eit anna land sit du som dronning der
Eg har blitt fortruleg ven med ein einarma banditt
Som seier han skal ta meg dit om eg betalar litt
Gjev meg sjansen
Gjev meg sjansen
Snille Frøken Franzen
Frøken Franzen, frøken Franzen, her har du mitt liv
Eg spør deg no høgtideleg om du vil bli mitt viv
Når du ikkje er på TV treng du vel litt tidsfordrivGjev meg sjansen
Gjev meg sjansen
Snille Frøken Franzen -
No livnar det i lundar
Med fire ungar og fem hundar
Og bestemor, det er nok med ei
Ho sit der og er så snill og grei
Og ha' eg hatt hane, er dett visst at'n gol
Det er regn og tore og snø og sol
Og klokka ho kvin med sitt ding og dong
Og det er femten songar på ei gong
Ja her er det hjalling
Alarmar som går og de'r koppeskralling
Og kjeftar som går men det er 'kje visst
Om kva, eller kven som ha' ordet sist
Og ha' du vor' innom, så hadde du rømt
Og ha' eg hatt valium ha' pakka vor' tømt
Telefonen den ringer for ennte gong
Og det er femten songar på ei gong
Det er laurdagskos og dagen fri
Og storfamilie kvalitetstid
Og ein som har gjibussdag (hurra for den)
Og gåve det er gjeve, det er kje godt å sjå til kven
Det ropar på far, men kven far då
Det her er visst koseleg, men kven for då?
Det her det er livet, men kvens då?
Ja her er det grining
Og utover sofa sjokoladeklining
Og bestemors klaging, og far og mor
Og svigermor og svigerfar og oppvask stor
Det durar i 150 desibel
Og eg kjenner eg må ut for ikkje kose meg i hel
Og Gud hjelpe konn; det'r berre fyrste sesong
At det er femten songar på ein gong
Ein song hit og ein song dit
I koss familie så skal det ver' slik
Ein song opp og ein song ned
Og det'r ingen som veit hoss ein får det til
Ein song hit og ein song dit
I koss familie så skal det ver' slik
Ein song bak og ein song fram
Og goffa han sit der i dressen så stram
Og det er femten songar på ei gong -
Ta telefonen -
Eg tek telefonen
Men er 'kje innpå
Den religionen
Hallo hallo og sei det fort og sei det no
For det er dagen som ventar
Med sekken på
Og dit han har tenkt seg er det fint å gå
Ta kameraten -
Eg treffer kameraten
I forbifarten, men er 'kje
Hugen på den praten
Jau takk for sist og gift og ventar nummer tre
Men det er dagen som ventar
Med sekken på
Og dit han har tenkt seg er det fint og gå
Eg skal ut i det fri
Vera gauken i li
Vera bjønnen som vaknar i bjørnehi
Vera sol vera regn
Vera fuglen under sky
Vera alt som denne dagen kan by
Ta romantikken
Ta romantikken
Eg er glad at eg i dag sette lit til den butikken
For gjennom lauvet der som rislar seg i vinden
Ser eg dagen som sit der med ein blå fiolin
Og tru meg, han spelar så at ulvane grinEg skal ut i det fri...
Og sola i striper gjennom lauvet det skin
Og dyra dei dansar til fela så fin
Eg står der i lunden og er utan eit ord
For i i trea så stemmer i eit englekor
Eg skal ut å gå
Så mykje fint å sjå
Ut der å vandre med treskoene på
Eg skal ut å sjå
Det som ingen kan tru på
Så la la meg gå
Så la la la meg gå -
Det står skrive nokon liner
På ein lapp i lomma mi
Og i morgon viss du ringer
Skal eg lesa om du vil;
Desse orda som har teke meg
Og lyft meg til ei sky
Opp’ på himmelen
Det står skrive i kvar åker
Som eg ser her som eg sit
Og eg veit det stod i bylgjene
I havet, såg eg dit
Men på trammen din der står det
Og det lyser like hit
Opp’ på himmelen
Ja det står i alt eg minnes
Og det står i alt som skjer
Eg skal vise, eg skal vise
Deg det eg om du kjem her
Tak vengene dine på
Og kom hit å sjå!
Det du skull’ i dag det kan du gjera etterpå
Eg trur ’kje du skal ringe
Du lyt koma hit å sjå
Me kan sitje her og dingle
Nyte himmelkvelven blå
Og så trur eg at det passar at eg les dei linene då
Opp’ på himmelen -
[Vers]
Ein gong kom kjærteiken heilt av seg sjølv
Og kvar dag den var av sølv
For du gylte kvar ein augneblink med hugen fri
Og blenda var eg med på reisa di
Dagar som sand ut av hendene renn
Om du tvilar, ja, så kjenn
Den eine som den andre ut i vinden fer
Og tida som me har den reiser der
Ja tida som me har den reiser der
Ooo..
[Vers]
Lov meg å vera hjå meg all din tid
Ja, det lova me i lag
Så gav eg deg ein ring, ja det var lettvint gjordt
Så luska og den dagen stille bort
[Refreng]
Så langt
Så langt
Så som vinden greier å jaga bylgjene blå
Der skal eg fylgje de, min vennSå langt
Så langt
Så som vinden greier å jaga bylgjene blå
Der skal eg fylgje de, min venn;
Der skal me finne dei igjen
[Bridge]
Og ute luskar styggen
Og skiljer deg frå meg
Og visste me, så hadde me
Nok kome oss i veg
Og eg ha' bore deg på armen
Gjennom skog og over fjell
Og du ha' halde meg i handa
Gjennom juv og myrke gjel
Og eg ha' strekt meg etter deg
Og du ha' strekt deg etter meg
[Refreng]
Så langt
Så langt
Så langt som sola greier å fylgje bylgjene blå
Der skal eg fylgje deg, min venn
Så langt
Så langt
Så langt som sola greier å fylgje bylgjene blå
Der skal eg fylgje deg, min venn;
Der ska me finne dei igjen -
Vårsong - tekst: Ragnar Hovland \ musikk: Odd Nordstoga
No kjem den fagre våren
Den kjem så altfor seint
No går eg opp til Bård'en
Og spør kva som er meint
Med at vi stadig går med skjerf
Og lue her vi går
Det er jo mildt i lufta
Og er det ikkje vår?
Vi slenger allting av oss
Spring ganske lett omkring
Snart blir vi voldsomt sjuke
Men det gjer ingenting
Då får vi liggje heime
Og mase litt på mor
Og er det fleire av oss
Så masar vi i kor;
"Å, gi oss sjokolade
Og kjærlighet på pinne!
Brei dyna godt om kring oss
Og klapp oss litt på kinnet!
Fortel ei nifs forteljing
Og slepp inn hund og katt!
Så blir vi sikkert friske
Og kan gå på skulen att!" -
Har du binding får du ski
Har du ei så får du snart ho hi
Har du fele får du slått
Har du himmelen får du i allefall blått
Har du vore liten ein gong
Ta ein sving og syng ein song
Har du ellers slettes ingenting
Så syng du
Sing singeling sing sing sing singeling
Har du du så får du bord
Har du liten får du snart ein stor
Har du ein så får du fleir
Har du pengar får du alltids meir
Har du vore liten ein gong …
Har du mager får du feit
Har du grei så får du snart ein teit
Har du søtt så får du salt
Har du halve vil du snart ha alt
Har du alt så blir du dum
Turar fram og slår i sund
Alt du hadde fer i tusen knas
Så seier det
Sing singeling sing sing sing singeling -
Det var tidleg kveld og sein april
Og lufta den blei kald og sola for
Eg hadde lua på, ei blå ei og av ull og litt for stor
Men heimegjort, formana på av mor
Då kom
Male Malene
Eg målar ut ditt namn
Du var mi di då. Eg var din eg
Male Malene
I fargane fine
Malene malene
Ute er det vinter, og heimatt er det langt
Og livet det har kjølt seg og er fint
Eg reiste og du reiste, og så gjekk det år på år
Men d’er deg det endå angar når d’er vår
Male Malene
Eg målar ut ditt namn
Du var mi di då. Eg var din eg
Male Malene
I fargane fine
Malene malene
Me let dei andre fara der i bilar og i song
Og att stod me å høyrde det blei stillt
Og trea ja dei bylgja seg og vegen ja den rann
Og handa mi den turde og den fann
No let eg handa styre og i pennen er det blekk
På arket formar eg ditt namnetrekk
Eg skreiv det tusen gonger då du hadde sagt farvel, og eg kjenner at det verkar òg i kveldMale Malene
Eg målar ut ditt namn
Du var mi di då. Eg var din eg
Male Malene
I fargane fine
Malene malene -
Eg er ein som leitar
Og stundom ein som finn
Men for å ta det fram att
Må eg tøyme tanken min
Kva heiter det som varer
Kva heiter vel det som varer
Du kan vera tvilar
Hell kanskje ein som veit
Men når du trur du har det
Legg du atter ut på leit
Kva heiter det som varer
Kva heiter vel det som varer
Eg er ein som drøymde
Og draumen den vart sann
Eg grov så djupt i minnet mitt
Og fann eit framandt land
Kva heiter det som varer
Kva heiter vel det som gror
Kven er han eg fylgjer
I mine eigne spor
Kva heiter det som varer
Kva heiter det som gror
Kva heiter det som varerOg går eg i det landet
Mangt rart og vakkert der
Så undrast eg og veit eg det
Har alltid vori her
Kva heiter det som varer
Kva heiter vel det som gror
Kven er han eg fylgjer
I mine eigne spor
Kva heiter det som varer
Kva heiter det som gror
Kva heiter det som varer -
Det skull' 'kje bli ein voggesong
Så går visst blyanten den vegen denne gong
For eg ynsker deg bak hav og fjell
At du får sova godt i kveld
Når huset stilnar og sola glar
Og du har pysjen på, den raude som du plar
Kan eg be deg taka ein klem eller eit par
Å ta å sende ned til far?
Fire stryk på kvart eit kinn
Så ynskjer me velkomen inn
Til til englar og til stjerneris
Å er det vel god natt då på eit vis
No har nok dyna di blitt varm
Hell kanskje kviler du på mor sin gode arm
Og der borte søv vel storebror
Og om eit blunk så er du like stor
Eg syns vel songen blei litt fin
Og hels til mor og bror, men songen den er din
Og eg ynskjer deg bak hav og fjell
At du fær sova godt i kveld