Odd Nordstoga

Det er langt ifrå Paris og til Birkelunden

Men det er her ein oftast er i

ein vårdag med fri

og linerler i

Det er her ein ligg og smeltar for sol, som snøen

Og det er utruleg kor varmt det kan bli

i Oslo denne tid,

og det er linerler i

Og du kan reise til Paris og i Montpelier

Men kva skal du der, når Anne er her?

Og det er her Anne brukar å ver’

Det skin av eit fjell og det syng og det snogar ein vinter i kvart ord

Det sildrar ein bekk og renn og det kvitrar ein vår i kvart eit ord

Og verden er stor, men Anne er her nord

Ho sei’ namnet sitt så varmt at det i panna piplar

Ja det er blåklokker og solmogne ber

som blandar seg der,

med Anne

Og du veit at i Paris er den store kjærleik

under triumfbogen er det som skapt

å la hjartaet sitt gå tapt,

til Anne

Du kan reise til dit, eller til Montpelier

Men kva skal du der, når Anne er her?

Og det er her Anner brukar å ver’

Det blenkjer av svaberg og sjø og ein skinande sommar i kvart ord

Det gulnar ein åker, og raudnar og skirnar ein haust i kvart eit ord

Og verden er stor, men Anner finn du mest av i nord