Tekst og musikk: Odd Nordstoga

Frå inne bak ein stol
i myrkret høyrdest ord
frå Nils og Unnis bol
Ein annan stad sat Tor
den bremsen i kvar mine,
i kvart teiken mellom to
og der var Line

Og Line hadde makt
for Nils han sat i skuld
ja noko det var sagt
til Line som var gull
Om alle nok forstod det så var
Tor og Line dømd
til å ikkje tru det

No var alle ljosa tende
alle glasa dei var stengde
Berre dei sat der og venta på det der som skulle skje
Om ikkje no, så kanskje då
kom det som lyfte opp ifrå
Om ikkje no, så kanskje då, kom Nils og Unni opp ifrå
Så for magien ut av blikket
og det kleia no som før
og så fraus ein no som før
Ein blei svolten no som før
Lengta heim att no som før

Så gjekk dei alle heim
med kvar si vesle bør
og Nils han var no sein
Tre var heime før
men månen stod og lyste ut av skuld og strid og skam
som for dei fyrste

Og den som lurar på
hotfor månen lyser mest
når sanninga er rå
Ja når ho er som verst
Har aldri svikta, ynskt seg bort frå skam og dårleg ver
For det er dette såre andlet månen ber