Det er eit ljos der ute
som du ser frå der du bur
Når du er redd og er aleine
då er det ikkje slik du trur
Det er ‘kje slik at ingen har ein tanke for ein liten
som ligg der så aleine og er redd
og lengtar fram mot morgonen til ljos og vind og vêr
og skræmast av det mørke store skumle

Og det er ‘kje slik at du ikkje har ein bestevenn
Det er ‘kje slik at du ikkje har ein bestevenn

Det er eit ljos der ute
som mitt auga kviler på
Når det knuser imot stranda
men du ingenting kan sjå
Det er ‘kje slik at ingen andre også då er liten
for havet knuser sjølv det harde fjell
Men ute der så sveiper det eit ljos for meg og deg
og viser heim og til dei stille havner

Og det er ‘kje slik at du ikkje har ein bestevenn
Det er ‘kje slik at du ikkje har ein bestevenn

Ser du gjerdet, gå til grinda
Ser du døra, kom no inn då
Ser du trappa, ta eit trinn
Kom no inn!