Tekst og melodi: Odd Nordstoga

1, 2, 3, dette er ein dans for dei som ikkje kan danse,
som ikkje kan veive og vrikke
og vèr fri
i 5 minutts tid,
som ikkje kan gjeva seg over
til trommenes tromming og trommelom
utan å ha tenkt seg om.

Dans, dans, dans!
Gje deg over.
Dans dans dans!
Kom deg over og
dans, dans, dans!
Livet er ei gåte,
og dansen din er gåtefull,
så gåtefull,
så kom!

1, 2, 3, dette er ein sjans for deg som ikkje har sjanse
til å la føtene danse
att og fram
utan skam,
som ikkje let hendene peke,
til vanleg, utan noko peike på.
Her er din sjanse!
Her er din sjanse!

Dans dans dans…

1, 2, 3, dette er kunsten for deg som ikkje kan kunsten
å vise med hender og føter
det du finn
i ditt sinn
som sydar og putrar og kokar
og vil ut, og på forløysing det ropar:
Få ut!
Få ut!

Dans, dans dans…