tekst og musikk: Odd Nordstoga

Ljos i glaset
heime seint frå skulen i dag
Nokon har steikt pannekaker
ventande på han
Det gjeng mot kveld for den
siste generasjon som lengtar heim

Der står fjella
og eit hus, ein veg, der VAR ein
Innimellom liene som mister sine dikt
Der stod ein våt ein frå den
siste generasjon som lengtar heim

Men dei pannekakene, dei husa og den vegen er ‘kji hera
Hera er ‘kji plassen og bu her er plassen å vera
Men herremann då Ronald!
Berre bønder tenkjer slik
Berre bønder tenkjer slik

Natt i byen
Ljoset held folka i hop
Langt ifrå så kan ein sjå at
hera bur det folk
Her er og Ronald frå den
siste generasjon som lengtar heim

Men dei panne….

Kjære Ronald
Du er ‘kji einsam om det her
Få av dei du møter er vel heime?
Få av dei du møter er vel heime der dei gjeng
imot si seng

For dei panne….

Ljos i glaset
Heime seint frå byen i dag
Nokon har steikt pannekaker om ikkje det var Mor
Det gjeng mot kveld for
den siste generasjon som lengtar heim