tekst og musikk: Roald Kaldestad

Dagen er her då eg skal dra
Hesten er skodd og veret bra
Fuglane syng i kor
utan ord

Ingen som ventar lenger no
Ikkje ein han – ikkje ei ho
Ikkje ei veke – ikkje to
Eg reiser no

Det er tid – for å sala opp og ri av stad
Det er tid – for å brenna
Det er tid – for å setja sine eigne spor
Eg er fri

Regnet i håret – blikket fritt
Alt dette her er berre mitt
Prærien ligg der
Vinden ber mine steg

Herifrå må vel alt bli godt
Herfrå skal livet levast rått
Utifrå svart og inn i blått
gjennom grått

Det er tid…

Ofte så ser eg meg sjølv
Ein liten gut på ei strand som ser imot byen
Ljos som funklar der inne
Regn over brustein og tog som skal gå