Tekst og melodi: Odd Nordstoga

Det perfekte teater
er rundt eit bord ein laurdagskveld.
Det er ingen inngang å betale,
du får ver’ med likevel.
Og rolla di er slik som mi:
Få det til å funke,
få det til å gli.

Det perfekte teater
er ikkje på National i kveld.
For her har alle sine masker,
og manuset og timing er på stell.
Og alle kjenner til rolla si:
Det er å få det til å funke,
få det til å gli.

Det perfekte teater,
det er slik som ein kan ha det,
det er heilt bra det,
ingen som tek skade.
Det perfekte teater,
det er slik som det kan ver’,
det er som ein ser det,
det er som ein gjer det,
og alle kjem heilt heim,
kjem like heile heim.

Det perfekte teater,
det er ope no og her i kveld.
Det går side etter side
langs ein velprøva modell.
Det er eit skjørt og farleg maskineri,
så det gjeld om at det funkar,
at ein får det til å gli.

Det perfekte teater,
det er slik som ein kan ha det,
det er heilt bra det,
ingen som tek skade.
Det perfekte teater,
det er slik som det kan ver’,
det er som ein ser det,
det er som ein gjer det,
og alle kjem heilt heim,
kjem like heile heim.