Tekst og musikk: Odd Nordstoga

Far min han er bonde.
Eg er ein bondes son.
Og eg er grodd i grastustens eigen religion.
Fjøset er mitt tempel
og kvar morgon og kvar kveld
eg køyrer liturgien
og kallar det for stell.

Presten har sin kyrkjelyd
med salmesong så fin.
Mine skit på golvet
og rautar utan rim.
Men både eg og presten
me må sjå ein annan stad
enn til kontoen på banken for å
sjå kva vitsen var.

Onn på onn
plogen vender torva si
gong på gong
til rytmen av
jorda sin eigen song.

Far min han er bonde.
Eg er ein bondes son.
Og eg er grodd i grastustens eigen religion.
Byr du meg på draumar
om eit liv ein annan stad,
er det betre om du spør syster mi
om svaret skal bli ja.

Eg er vel ein slags konge,
er bunden til mitt land.
Eg fekk det litt i fanget
og gjer så godt eg kan.
Men somtid ser eg langt etter ein bil som fer forbi
og leitar ganske lenge etter grunnar for å bli.

Onn på onn
plogen vender torva si
gong på gong
til rytmen av
jorda sin eigen song.