Tekst og melodi: Odd Nordstoga

Kan du tru på ei styrande hand
som leier deg over og set deg i land
til himmelske hagar og englesong –
trur du det du, at det hender ein gong?

Vel, eg trur på lauvet, på gras og på blom,
som tøyer seg ut mot det store rom,
og alltid vil snu seg dit sola står –
så er den vel slik òg, den vegen eg går.

Kan du tru at ein stein glei ifrå,
og opp frå ei grav fekk han levande gå?
Ja, evig fine er salmenes song –
men kan du tru det, at det hende ein gong?

Vel, eg trur på dagen som kjem etter natt,
eg trur etter gråten så kjem der lått,
og eg ser vel at vinter blir vekt til vår –
så er det vel slik òg, på den vegen me går.

Men, trur du at det kjem ein og dømer oss ein dag,
og at det blir eit vinnar- og eit taparlag,
og at nokon dei får gå inn gjennom himmelporten trong –
trur du det du, at det hender ein gong?

Vel, eg har kjent på godt og eg har kjent på vondt,
eg har sett i hop med kjærleik og slege sundt,
eg har gjenge grøne enger, eg har trødd i skår –
eg trur dei dømer etterkvart her, på den vegen eg går.

Men, eg er ein fatig ferdamann og eg har ingen svar.
Kom, set deg ned, så kviler me med sola glar.
Sjå! Ein lysande krans over myrkret rår –
så er det vel slik òg, på den vegen me går.