Tekst og musikk: Odd Nordstoga

Eg vil ikkje ver’ i fare, eg vil ikkje vera kald
og eg vil vera sikker på å kom’ fram der som me skal.
Eg vil ikkje bli for våt og eg vil ikkje bli i beit,
så eg må alltid vita det at du er den som veit, eg.

Eg vil ikkje vera fyrst, eg vil ikkje vera sist
og eg toler ‘kje kom’ heim att, og det er noko eg har mist.
Eg vil ikkje gå å leite, det må ver’ funne det eg finn.
Og eg vil alltid vera blant dei fyrste te gå inn, eg.

Kor har alle roser reist,
premien som eg såg koma?
Eg gjekk vegen utan feil,
fint og beint!
Fint og beint eg fylgde låma.

Eg vil ikkje ver’ i fokus, eg vil ikkje velje fyrst,
eg vil drikke mine glas med nokon enno meire tyrst,
eg vil ikkje meine meir enn at det funkar om eg snur
og eg vil alltid tru på det dei fleste andre trur, eg.

Eg vil ikkje ver’ i fare, eg vil ikkje vera kald
og eg vil vera sikker på å kom’ heim att når eg skal.
Du har sett det hundre gonger, alt det eg vil sjå.
Du kan banne på ‘n er vara, den vegen eg skal gå.

Kor har alle roser reist,
premien som eg såg koma?
Eg gjekk vegen utan feil,
fint og beint!
Fint og beint eg fylgde låma.

Kor blei alle vener av,
og den lukka eg blei lova?
Eg gjor’ aldri noko skeivt,
men fint og beint!
Og no får eg ikkje sova.