Tekst og musikk: Odd Nordstoga

Ser rundt meg på dei ørsmå ting –
det varme vatnet ifrå kjøkenspring,
ein omn som lyser for at den er på,
ein buss i gata som er ved å gå.
På butikken er det fullt av mat –
importerte eple og det er grøn salat.
Eg tenkte ikkje på det der i går.
Eg tenkte ikkje på det.

I går så var det eigne draumar
og eigne hjartesår.
Og snart så var det vår!
I går så var det småting som var stort på tv-en vår.
No trur eg alle vel forstår
at det der –
det var i går.

På radioen er det ein ting i,
for no har det kome ei heilt ny tid,
som kallar fram eit velkjend mareritt
som gjekk igjen på guteromet mitt:
Inn ifrå aust, ut av ei grå, tung sky,
skar rett imot, to svarte jagarfly.
Eg tenkte ikkje på det der i går.
Eg tenkte aldri på det.

I går så var det eigne draumar
og eigne hjartesår.
Og snart så var det vår!
I går så var det småting som var stort på tv-en vår.
No trur eg alle vel forstår
at det der –
det var i går.

I går så var det eigne draumar
og små, små hjartesår.
Og snart så var det vår!
I går så var det småting som var stort på tv-en vår.
No trur eg alle vel forstår
at det der –
det var i går.