Tekst og melodi: Odd Nordstoga

No er det ut med sommaren
og inn, som nye, gamle ting.
Og snart skal eg sjå deg igjen –
når hausten set seg sjølv i sving.
Og kanskje er du brun, og har fått deg nye sko?

Så var den over, sommaren.
Og vekkeklokkene står på.
Men om me nærmar oss smått om senn,
vil me igjen kvarandre nå?
Kanskje blir det som, som om ingenting har hendt?

Eller har julinetter gjeve deg nye kort,
som det ikkje er heilt enkelt å legge bort.

Det er så rart med sommaren –
den opnar vindauge og dør,
og inn til hjartet fyk det inn
med mangt som ikkje var der før.
Snart fyllast gatene av klokkenes regi,
og slik som det har vore, er slik som det kan bli.

Men vil du stryke meg på armen
og sjå meg lett i augo,
så lett som i vår?
Og vil eg stryke deg over kinnet
og stille av din lengsel,
gjer godt dine sår?

Eller har julinetter lete deg gåver få,
som det ikkje er heilt enkelt å snu seg frå?