Odd Nordstoga
Hei! Eg er Mr. Sur og Tverr
År for år blir det verr’ og verr’
Eg starta ut som ein munter gut
Så kom Tverr og Sur og skremde ‘n ut
Eg buldrar rundt som eit torever
og eg skræmer ungar kor enn eg fer
Eg støyter mor, og eg slæst med far
Det er ei grovskisse av kva eg er for kar
Men eg veit ein stad der snoen ligg kvit
og isen har reist, og fisken den bit
Og i morgo, i morgo skal eg dit
Eg veit ein stad der sjeli blir kvit
og rein av alt det som glefser og bit
Og i morgo, i morgo skal eg dit
Og kjem det nokon og bankar på
er det eddik i augo som dei fær sjå
Dei skal ’kje få tverrsuren blid og rund
meir enn dei får skikk på sin gamle gneldrehund
Sur, det blei eg ein gong sola skein
og dei gav meg eit NEI som hogge i stein
Tverr blir ein etter som tida går
og skrifta på steinen står
Men eg veit ein stad der snoen ligg kvit
isen har reist og fisken den bit
Og i morgo, i morgo skal eg dit
Eg veit ein stad der månen skin
Og ingen stad lyser ‘n like så fin
Og i morgo, i morgo skal dit
Ja eg veit ein stad så kjølig og klar
Du kan rope og rope og aldri få svar
Ja, eg veit ein stad der vatnet er kaldt
og himlen er klar te’ fortelje deg alt
Ja, eg veit ein stad der snøen ligg kvit
Og isen har reist og fisken den bit
Og i morgo, i morgo skal eg dit
Eg veit ein stad ein stad der sjeli blir kvit
og rein av alt det som glefser og bit
Ja, i morgo skal eg, i morgo skal eg dit