Odd Nordstoga

Kom!

Vil du ’kje høyre ein song?

La ulvane hyle i veg.

Det er ingen som ser at me dreg.

Eg skal synge den berre for deg.

Eit hjelpelaust tåpeleg vers,

men det er henta frå engelsk kommers.

Så skal eg halde deg lageleg varm

i vid forstand.

Så kom! kom! kom!

Vil du ’kje høyre ein song?

Tull!

Du veit ’kje om månen er full

når sikten er så å sei null

og alle ser for seg eit –

soveromsglas.

Under ligg du i din soveroms stas,

og inn kjem ein morgon med snus

og nykoka kaffi i krus.

Og den, den skal halde deg lageleg varm

i vid forstand.

Så kom! kom! kom!

Vil du ’kje høyre ein song?

Så tek du vel kåpa di på.

Og eg har fått terningkast to,

men kaffien, den sa du var god.

Dagen kjem og me er ’kje i lag,

for Venus er faen så vrong.

Og eg skriv nok endå ein song.

Men den, den skal halde meg lageleg varm

i vid forstand

Så kom! kom! kom!

Vil du ’kje høyre ein song?