Fritt etter Hagny Huso, Vinje

Eg sit her som stengd i eit fengsel

bak glitrande, snøkvite fjell

Å, visste du berre min lengsel,

så kom du kvar einaste kveld

Eg ville frå verdi meg gøyme,

men så kom du inn på min veg

Eg ser deg, og kan deg ‘kje gløyme

Du leikar i tanken hjå meg

Når soli bak åsen seg gøymer,

og sender sitt ljos i gullflaum,

då lengtande på deg eg tenkjer

Du leikar kvar natt i min draum

Kvi’ sit du så einsam og sturen

på hytta kvar einaste kveld

Kom heller til meg her på fjellet

Eg skal sulle deg burt med min song