Kva vil du ha for å bli glad?
Kakao og eit knekkebrød, ei pute og eit blad?
Kva vil du ha for å bli glad?
At alle ting skal vera berre nettopp slik dei var?
Kva vil du ha for å bli blid?
at me skull’ trylle klokka bak til seks når ho var ni?
Kva vil du ha for å bli blid?
At eg skal alltid seia berre nettopp det du vil?
Gjev meg eit teikn, eg prøvar å forstå
Kva vil du ha for å bli glad?
Kva vil du ha så me kan le?
Ein vits og ei grimase, eller kiling, hjelper det?
Kva vil du ha så me kan le?
Nei, eg får ikkje kvile før me får det til å skje
Du er så vrien å forstå, vil du kanskje eg skal gå, og at mamma bankar på
Er det TV du vil sjå?
Eller er det noko anna som ingen vaksne kan forstå?