Tekst: Ragnar Hovland

Melodi: Odd Nordstoga

Grisen står og hyler

i den stille kveld

(Han skal ikkje slaktast

men hyler likevel.)

Fir’og tjue kråker

sit på ein madrass.

Endå ei vil sitje

men det er ikkje plass.

Månen står og lyser,

rund og feit og kvit.

Reven kjem frå skogen

og luskar hit og dit.

Fiskane i havet

søv og drøymer søtt.

Nøkken nedi tjernet

har eg aldri møtt.

Mor og far har lagt seg.

Eg er vaken, eg.

No klatrar eg ut glaset

så spring eg bort til deg.

Mens grisen står og hyler

og månen lyser kvit

sit du og eg på taket

og ler og pratar skit.