Odd Nordstoga

Eg budde i eit kollektiv i eit litt forsinka liv.

Og no hadde eg og ho, som hadde lagt ein arbeidsdag,

tappert sett i gang med fag.

Trur eg var på side to.

Då kapitulerte eg og sa til ho:

Altfor mange lause ting,

altfor myrke krokar,

altfor mykje skummelt rot,

altfor store flokar,

altfor store rom,

alfor mange ord,

altfor mange gode råd

gjev altfor mykje å tenke på.

Kor er den beste teori for ei lukke og litt fri?

Kva er pensum for å få rastlause menn til å få ro?

Ikkje boka eg les no.

Ikkje den eg las i går,

og faga eg må ta opp att til neste år.

Alfor mange lause ting…

No er eg over tredve år,

ikkje akkurat i min ungdoms vår

Men eg er like dum som då eg hadde guterom.

Jau då, eg er då intelligent.

(litt over snittet trur eg omtrent)

Gjev meg misjonen, livsmisjonen,

eg skal greie den.

Men det er altfor mange lause ting…