Odd Nordstoga

Ei seng står langsmed veggen  her.

Den kjøpt’ eg i Bergen då eg budde der.

Hyllene tre står på kvar sin stad

med tome permar og lause blad.

Telefonen har gjeve meg mange svar.

Og pulten den står på, har eg fått av far.

På veggen mot aust heng eit måleri

av eit tun eg faktisk har leika i.

Eg har gitaren min i ein krok.

Den har skuld i nokre val eg tok.

Me har vor’ ute så mang ei gong.

Eg trur at i kveld så skal me ta ein song

Så kjære mademoiselle,

du treng ‘kje kom’ til meg i kveld.

Over meg har eg nok himmelen,

men dette er ikkje ein dag for den.

I dag har eg lukka i lomma mi.

Det er himmel nok viss ho berre blir.

I meg ein flik av ei sjeldan ro.

Veit ikkje kvifor ho kom hit no.

Men rundt meg mi dagbok i tusen ting

som tek hugen med på ein liten sving.

Og bortmed veggen ein trefigur

eg kjøpte då eg var på Afrika-tur.

Den har eg drege med like hit,

eg trur at ein dag så dreg den meg dit.

Så kjære mademoiselle,

du treng ‘kje kom’ te meg i kveld