Tekst og melodi: Odd Nordstoga
Det var tidleg kveld og sein april,
og lufta den blei kald og sola for.
Eg hadde lua på, ei blå ei og av ull og litt for stor,
men heimegjort, formana på av mor.
Då kom
Male Malene
Eg målar ut ditt namn.
Du var mi di då. Eg var din eg.
Male Malene
i fargane fine.
Malene malene.
Ute er det vinter, og heimatt er det langt.
Og livet det har kjølt seg og er fint
Eg reiste og du reiste, og så gjekk det år på år.
Men d’er deg det endå angar når d’er vår.
Male Malene…
Me let dei andre fara der i bilar og i song,
og att stod me å høyrde det blei stillt.
Og trea ja dei bylgja seg og vegen ja den rann,
og handa mi den turde og den fann.
No let eg handa styre og i pennen er det blekk.
På arket formar eg ditt namnetrekk.
Eg skreiv det tusen gonger då du hadde sagt farvel,
og eg kjenner at det verkar òg i kveld.
Male Malene…