Tekst og melodi: Odd Nordstoga

Det læt så bra med Acapulco,
at det var dit eg skulle ned.
Det ligg ein song der, i det ordet,
der eg ynskjer eg var med.
Men eg skal heim til Sundet
og eit nedlagt meieri,
så eg køyrer gjennom skogen
i min eigen poesi.

Det læt så bra med salte bylgjer
og ei strand i Mexico,
men eg veit ’kje meire om det
enn det eg tenkte no.
Og det er tusen millionar
av kjende tre som fer forbi.
Ja, det er grantre, myr og mose
i min eigen poesi.

Og det er alt det som skal koma
og alt som ein gong var,
og noko bit i hjartet
utan at eg har eit svar.

Det læt så bra med Acapulco.
Eg har høyrt det i ein song.
Det var så fine harmoniar.
Eg kunne reist dit eg, ein gong.
Men eg skal heim til Sundet,
gå til huset langs ein sti
bak ei rekke med garasjar
i min eigen poesi.