Tekst og melodi: Odd Nordstoga
Ein er for, og ein er mot.
Ein er klok, ein idiot.
Ein har feil, og ein annan har rett.
Visste eg kven som var kven
så var det vel lett.
Ein er sterk, og ein er veik.
Ein sto i kø, ein annan sneik.
Ein gjer godt og ein annan vondt.
Ein reparerar og ein annan slær sundt.
Det er ein fin fin balanse
og det er godt for meg og deg
at nokon fann opp opp
og nokon fann opp ned,
og nokon fann inn
slik at eg kunn’ finne ut
at
når alle saman er med,
når alle saman er med,
når alle, alle, alle, alle, alle saman er med
finns det grunn te’ vera,
er det greit å vera
mot.
Ein er fin og ein er stygg.
Ein er farleg, ein er trygg.
Ein er svart til sinns og ein annan heilt kvit.
Nokon slepp lett, og nokon dei slit.
Det er ein fin fin balanse
og det er godt for meg og deg
at nokon fann opp opp
og nokon fann opp ned,
at nokon fann inn
slik at eg kunn’ finne ut
at
når alle saman er med,
når alle saman er med,
når alle, alle, alle, alle, alle saman er med
finns det grunn te’ vera,
er det greit å vera,
kan det ver’ lurt å vera,
er det godt å vera
mot.