Regle frå Setesdal
Melodi: Odd Nordstoga
Olav, Olav kyre di er dau!
kyre heve kalva og kalven er raud
Olav, Olav, kaup deg att ei kyr!
nei, svara Olav, svara Olav ho blir meg for dyr
Olav, Olav, kaup deg ein stut!
Nei, svara Olav, eg blir ingen fut
Olav, Olav, kaup deg ei geit!
Nei, svara Olav, ho blir ikkje feit
Olav, Olav, kaup deg ein sau!
Nei, svara Olav, han ligger snart dau
Olav, Olav, kaup deg ein gard!
Nei, svara Olav, den fær eg av far
Olav, Olav kaup deg ein hest!
Ja, svara Olav, den tener meg best