Tekst og melodi: Odd Nordstoga
Så lenge eg har selskap
tek eg ein smell.
Så lenge eg veit det er fleire
som ikkje har alt på stell,
så lenge eg veit det er fleire
som ikkje får sova i kveld,
så lenge eg har selskap;
så lenge
så lenge
så lenge tek eg ein smell.
Så lenge eg har selskap
kan eg stå i kø.
Så lenge eg veit det er fleire
som også må stå og trø,
så lenge eg veit det er fleire
som held på å gå i frø,
så lenge eg har selskap;
så lenge,
så lenge,
så lenge står eg i kø.
Så lenge eg har selskap
kan eg ver’ sist.
Så lenge eg veit me er fleire
kan eg vera einsam og trist,
så lenge eg veit me er mange
som også har bomma og mist,
så lenge eg har selskap;
så lenge
så lenge
så lenge kan eg ver’ sist.
Så lenge eg har selskap
kan eg ver’ dum
Så lenge eg veit det er fleire
så toler eg godt ein bom
Så lenge eg veit det er fleire
som heller ‘kje latar som om
Så lenge eg har selskap
så lenge
så lenge
så lenge kan eg ver’ dum
Så lenge eg har selskap
kan eg ver’ snill.
Så lenge eg veit det er fleire
som også legg godviljen til,
så lenge eg veit det er fleire
som også kan teie still,
så lenge eg har selskap;
så lenge
så lenge
så lenge kan eg ver’ snill.
Så lenge eg har selskap
greier eg alt.
Så lenge eg veit me er fleire
så kan det ver’ aldri så kaldt,
så lenge eg veit det er fleire
som ikkje stakk av om det gjaldt,
så lenge eg har selskap;
så lenge,
så lenge,
så lenge greier eg alt.