Tekst og musikk: Odd Nordstoga
Som eit snøflak i desember
som kjem dalands og smeltar på di hand.
Og som linerla om våren
som så liketil velsignar dette land.
Som eit vindblaff i gardina
som seier: «Hei! Her er det liv i alle ting.»
Ja, som morgonen som lyser inn, er det.
Og det lyfter denne dagen
så lett som ingenting.
Slik kan det ver’ når du er ikring:
Så lett, så lett som ingenting.
Og når du gløymer litt å prøve
det å likne på dei du helst vil bli.
Når du trur du er åleine
og syng så fritt og ledig på ein melodi.
Ja, når garden din er nede
og let det lyse frå ditt unge sinn.
Som morgonen som lyser inn, er det.
Og det lyfter denne dagen
så lett som ingenting.
Slik kan det ver’ når du er ikring:
Så lett, så lett som ingenting.
Og når eg sit her borti sofaen så grå
og gneg på alle sorger som eg kan finne på.
Så kjem du, og du tenker nok at det var ingenting, du,
for du ser ikkje alt det mørke, du, som forsvinn
og morgonen som lyser inn!
Slik kan det ver’ når du er ikring:
Så lett, så lett som ingenting.