tekst og musikk: Odd Nordstoga
Det her er ein liten song om det å vera nære
og kjenne ord som du og eg og elsk og ømt og kjære
Og leva i eit sorglaust hav, og berre vera to
og vegen fram ja den gløymer du, du er ved målet no.
Og politikken utanlands er borte som ei sviske
og alle måla for deg sjølv dei er du ved å miste.
For det du viar tanken på er støre av format:
Det er om ho vil legge sine armar om deg snart
og seia
So ro du vesle guten min
så skal du få meir enn du fekk for tiøringen din, for tiøringen din.
So ro du vesle guten min
så skal du få meir enn du fekk for tiøringen din, for tiøringen din.
So ro du vesle gut; i morgon har me fri.
Og når så so ro er ferdig då blir alle ord for små
og alle fraser havnar i det patetiske blå,
men jenta ho skyna kva det gjalt
så syng ho…
Det her var ein liten song om det å vera nære
og dela sama mjølkeglas og saman vera sære.
Og båe gløyme tanken på om morgonen blir god
og heller la oss leva på kor godt me har det no