Tekst og musikk: Odd Nordstoga
Kven er det som treskar over isen?
Det er far som er ute på ski
med lua si godt oppi panna
på eit hovud som har teke fri.
Og takta er ujamn, men rullar
seg fram i sin asymmetri.
Det er knirk i binding og sus i ski,
eit søkk og eit dirr når ein stav går i
og det fins både tekst og ein melodi.
Ja, det fins både tekst og ein melodi
i eit treskeverk som rullar forbi
når far, når far er ute på ski.
Og tankane byrjar å flyge
i kloke og lure ord
om det han skulle seia til sjefen
og det han skulle sagt te mor.
Det rullar seg ut dialogar
med lysande bra poeng
i knirk i binding og sus i ski,
i eit søkk og eit dirr når ein stav går i
der fins både tekst og ein melodi.
Ja, der fins både tekst og ein melodi
i eit treskeverk som rullar forbi
når far, når far er ute på ski.
Snart er det sjølve romanen
som vaker her like ved.
Orda er nesten på tunga.
Det er ein kjempe-romanidé.
Far finn fram telefonen,
må stoppe og ta notat.
Så blir alt borte på ein to tre.
Men i knirk i binding og sus i ski,
i eit søkk og eit dirr når ein stav går i
der fins både tekst og melodi.
Ja, der fins både tekst og ein melodi
i eit treskeverk som rullar forbi
når far, når far er ute på ski.