Tekst og musikk: Odd Nordstoga

Eg kunne sagt det like til deg,
men det ville ‘kje vor’ rett.
Eg kunne gripe deg i handa
og halde deg tett,
men det ville vor’ for mykje,
ville koma som eit sjokk,
for det som låg i lufta
det ha’ ‘kje lege lenge nok.

For du må løyse nokre skruar
før eit hjul kan gå av.
Du må snu nokre sider
før du har lese eit blad.
Det må smelte innpå fjellet
før det kan fosse i ei li.
Og du var her ganske lenge
før du sa du ville bli.

Og det var ‘kje oss.
Det var bekkane som rann.
Knoppar skaut,
det var fuglar som kom frå eit varmare land.
Det var is som brast og sette alt fri,
så det fekk starte reisa mot det det skulle bli.