Tekst og musikk: Odd Nordstoga
Her er skogen
Her er stien
Her er fura stor og feit
Her er duva som har brevet
Her er reven som allting veit
Her er myra
Her er molta
Her er songen frå ein bekk
Her er ugla som har svaret
på det du gløymde vekk
Her er alt det som du minnest
i din fot og di hand,
som du gløymde då du ivrig
gjennom tidene for fram
Her er alt slik det var laga
då du ein gong kom i land
Her er blomar
Her er enga
Her er stein og her er jord
Her er elgen borti kanten –
var det den du såg i fjor?
Her er fjellet
opp mot himmelen
Det er for tungt og stort for ord
Men det er dit du snur ditt auge,
for det er der at lengten gror
Her er alt! Og alt er heime,
knytt i hop med skøyre band
Og dei før deg, dei for stille
når dei gjennom her for fram
Her er alt slik det var laga
då du eingong kom i land