Nettbu

Nytt

Comments Box SVG iconsUsed for the like, share, comment, and reaction icons
2 weeks ago
Odd Nordstoga

Bilder fra IngebjĂžrg Bratland sitt innlegg ... See MoreSee Less

Comment on Facebook

Stor takk til deređŸŒčđŸŒčđŸŒčđŸŒč

Jeg er så glad jeg fikk vært på konsert med dere đŸ€©đŸ€©

Takk for bra konsert under @varangerfestivalen 🌞

Få er så flink som du😊

Dokker e sinnsyk flenk,å spræk😊

En nydelig og fin konsert, tusen takk! đŸ™đŸ». Nå gledes det til julekonsertenđŸ’«

Godt fare!

Flott opplevelse på Hvaler GjestgiveriđŸŽ¶âŁïž

Så heldige dere var som kunne være der🙌🌟🍀💖đŸŒč

View more comments

3 weeks ago
Odd Nordstoga

Dagbladet trillar femmar pĂ„ terningen til Spelemann! Hurra ❀ ... See MoreSee Less

Comment on Facebook

Vel verd ein 5er tikje eg, om eg er aldri so ugild!

Eg trillar ein 6 er. Gratulerer!

Ein femmer er den i allefall verdt 😊👍 Eg hadde nok kasta sekseren . Eg kosar meg veldig med boka , så open og æreleg historie . Kjem Tett på familien og naturen som eg ser kvar dag . Føles god og avslutte dagen med den boka på senga 😊

Gratulerer, les boka di no. Humrer og ler godt.

Ekte ✹✹✹✹Men innrømmer svakheter . Well written ✹✹✹ Bygda Vinje har betydd mye for han . Og hans mor❀

Ekstra bonus med lydbok lese av forfattaren sjølv

Til lukke, Odd!

Tjoho!! Så flott!!

Hurra for deg!!!!👏👏👍😁

Gratulerer!

Ein skikkeleg «page-turner»!

Gratulerer😊Det fortjener du😄

GratulerarđŸŒŒ

đŸ€—đŸ‘

❀

View more comments

3 weeks ago
Odd Nordstoga

Kom pÄ Tronsmo i morgon dÄ vel. Klokka 1630. DÄ skal me synge litt, men mest snakke om denne boka. Eg kjem, Mona B Rise kjem. Det blir flott. ... See MoreSee Less

Kom pÄ Tronsmo i morgon dÄ vel. Klokka 1630. DÄ skal me synge litt, men mest snakke om denne boka. Eg kjem, Mona B Rise kjem. Det blir flott.

Comment on Facebook

Tronsmo, hvor er det mon tro . Var fint og høre Odd Nordstoga på go morgen Norge i dag, Fin og rørende historie frå fagre Telemark ❀

Kosar meg med bokađŸ€—â€

Ser du kjem til Litteraturhuset i Bergen, og dit hadde eg tenkt meg. Men så er det ein torsdag kl 20….og då er eg på korøving! Ikkje ein gong du Odd får meg til å skippe korøvinga om torsdagene😆 Men boka di kjem eg til å skaffe meg uansett…👍Lukke til med boklansering og takk for musikken du gjev oss! Me i Osterøykoret har deg (sjølvsagt) på repertoaretâ€ïžđŸ˜Š

Dette blir gama, Odd!

Hjarteleg til lukke. Framifrå av deg, Odd!

Dette blir stas!

Utrolig koselig å høre deg fortelle,fra ditt liver så varmt og ekte.Takk for du deler💛

Eg ventar til Litteraturdagane i Vinje.

Så på et program på nrk i kveld , der sang du «My home town « Åh det var fint !đŸ€© Jeg har alltid vært Springsteen fans , …. men søren det kledde du đŸ˜ƒđŸ‘đŸ„°

Er godt i gang med boka🙂Her føler en nærhet til forfatteren. Koser meg virkelig 👏🙂

Me talast på Lillehammer Live på fredag!

hvor er tronsmo?

Takk.

Sit og kosar meg mæ bokji, etter å ha lese ut " Kongen av Os" . 📖

View more comments

Load more

Tekstar

Live

Bio

Odd Nordstoga er fĂždd 10. desember 1972 og vaks opp pĂ„ garden Plassen i Vinje som yngst av fire sysken. I ungdomen var han aktiv del av det vitale folkemusikkmiljĂžet i Telemark. Som artist har Odd Nordstoga funne sin plass i krysset mellom populĂŠrmusikken og den norske tradisjonsmusikken. Han debuterte som plateartist med bandet Something Odd i 1997, for sĂ„ i nokre Ă„r Ă„ drive meir med folkemusikken gjennom gruppa BlĂ„mann BlĂ„mann og i samarbeid med Øyonn Groven Myhren med prosjektet ”Nivelkinn” som hausta spelemannspris for beste folkemusikkplate.

 

I 2004 slo han stort igjennom med plata Luring som ved hjelp av slageren «Kveldsong for deg og meg» (Tekst: Ragnar Hovland) selde heile 160 000 eksemplar. Etter dette kom plata Heim te mor med lĂ„tar som ”Dagane” og ”FrĂžken Franzen” omtrent pĂ„ same tid som serien ”Jul i Svingen” gjekk pĂ„ NRK. Der hadde Nordstoga musikken saman med John Vinge. Same Ă„ret spelte han ogsĂ„ rolla som Fuglefanten i folkemusikkversjonen av ”TrylleflĂžyten” som turnerte heile Noreg og Sverige.

 

I 2008 gav han ut eit album bygd pĂ„ tekstar av Stein Versto og Ragnar Hovland som fekk namnet ”Pilegrim”. Ein ny stor kommersiell suksess kom Ă„ret etter, dĂ„ han i lag med Sissel KyrkjebĂž gav ut juleplata ”StrĂ„lande Jul” med ikkje mindre enn 350 000 selde eksemplar og 11 ganger platina trofĂš. Elias Blix-salma ”Upp gledjest alle” derfrĂ„ er i dag med Nordstogas melodi teke opp i den nye salmeboka. Plata ”November” kom Ă„ret etter, med lĂ„tar som ”November” og ”No er tivoliet over” som dei mest kjende.

 

I 2011 kom ”Bestevenn”, som i sitt heile er inspirert av Maria Parrs bok ”Vaffelhjarte” og tv-serien med same namn, der Odd ogsĂ„ laga score-musikken. Songane ”Bestevenn” og ”Ein farfar i livet” herfrĂ„ stĂ„r vel i dag som noko av det som har sett djupast merke frĂ„ Nordstogas hand. ”Bestevenn” vart feira med to utselde hus i Operaen i Oslo og ein TV-konsert pĂ„ NRK. Men noko NoregsturnĂ© vart det ikkje sett av plass til. Det var derimot planen heilt frĂ„ starten av pĂ„ neste prosjekt. Igjen eit samarbeid med ein av Noregs store kvinnelege songfuglar, IngebjĂžrg Harman Bratland. Saman tok dei utgangspunkt i sin felles folkemusikalske oppvekst og laga plata ”HeimafrĂ„â€ for sĂ„ Ă„ reise pĂ„ turne i smĂ„ grendehus, ungdomshus og liknande rundt i heile landet. 132 konsertar pĂ„ tre kvart Ă„r blei det, og det heile avslutta med to utselde konsertar i Den Norske Opera.

 

I 2015 kom ”Dette landet”. Eit album spelt inn i Atlantis Studio i Stockholm med brĂždrene David og Ivar Vogt som produsentar. Plata fekk spelemannspris for beste tekstar det Ă„ret. Tekstane var skreve av Odd sjĂžlv, men med tre bidrag av Stein Versto. Plata fĂžrde til omfattande turnering, og lĂ„tar som ”Dette landet”, ”Diesel og Bensin” og ”Kunsten Ă„ gĂ„â€ har alle slege seg opp som store livefavorittar. Siste turnĂ©-runden for plata vart avslutta i heimbygda Vinje seinhausten 2016.

 

I februar 2017 gjekk Odd i studio att med sitt faste band dei siste Ă„ra: Torstein Lofthus pĂ„ trommer, Tor Egil Kreken pĂ„ bass, David WalumrĂžd pĂ„ tangentar og Øyvind BlomstrĂžm. Denne gongen gjekk turen til AmperTone i Oslo med BĂ„rd Ingebrigtsen som teknikar og coprodusent. Albumet viste seg Ă„ bli eit dobbeltalbum og fekk namnet ”KlĂžyvd”.

 

Same Ă„r vart Nordstoga spurt om Ă„ halde julekonsert i NRK-programmet ”Kvelden fĂžr kvelden”. Denne konserten vart innleienga pĂ„ eit samarbeid med Det Norske Kammerorkester, som i 2018 kom med plata ”Jul”. Odd og Kammerorkesteret hadde bĂ„de dette, og Ă„ret etter store juleturnear.

 

2019 var ogsĂ„ Ă„ret dĂ„ Nordstoga blei med 6 andre artistar og laga den niande sesongen av ”Hver gang vi mĂžtes” . Sesongen gjekk pĂ„ TV2 vinteren 2020, medan Odd sjĂžlv la ut pĂ„ ein 32 konsertar lang soloturnĂ©.

 

I starten av Covid-pandemien i 2020 slapp Odd albumet “Fatig Fredamann”, ogsĂ„ denne gong produsert av KĂ„re Vestrheim. Vestrheim har produsert fem album med Nordstoga, og studioet han driv i lag med Mike Hartung, Propeller music division, er staden der flest Nordstoga-lĂ„tar har blitt spelt inn og miksa. Albumet fekk strĂ„lande mottakingar hos bĂ„de publikum og meldarar, og den digitale konserten Odd spelte i regi av Koronerulling, samla inn over ein halv million kroner til RĂžde Kors sitt arbeid under pandemien.

 

I januar 2022, slapp Odd lĂ„ta «Alt slik det var laga», skreven spesielt til NRK-serien Fotobonden. Musikken, skriven og produsert av Odd sjĂžlv, vart nominert til Gullruten for «Beste originalmusikk». Hausten 2022 kjem eit nytt og sjĂžvprodusert album frĂ„ Nordstoga, som har fĂ„tt tittelen “Inn i skogen».

The Early Years

Eg er fÞdd den 10 des. i 1972  som yngst av fire sysken. Dei andre syskena mine er Aasmund, Randi, Gunne og sÄ meg til slutt.  Mor  mi heiter  Ellen og Far min er Olav. Eg har vel kome fram til at mi soge som vinbyggje i grunnen startar ved at mine besteforeldre kom til Rauland pÄ 30-talet. Slik blei det vel litt raulending av mor mi. Far min var eldstemann pÄ garden Plassen i Vinje grend. Og det var der eg voks opp etter at mykje vatn hadde runne ut i havet og ting hadde laga seg til at dei to altsÄ blei gifte og slo seg ned og altsÄ dÄ fekk fire ungar inkludert meg.

 

NĂ„r eg var 8 Ă„r vart Vinje musikkskule skipa. Eg, som hadde prĂžva trekkspelet til syskenbarnet mitt, Irja, pĂ„ Rauland, og fekk til ompa ompa pĂ„ bassen ved fyrste forsĂžk, var derfor ”dĂžmd” til Ă„ byrje med trekkspel. LĂŠraren min var Erling Moen, og han er den eg lĂŠrde Ă„ spela trekkspel av.

 

Etter nokre fÄ Är der alle sat pÄ kvar sitt rom og odla sine ferdigheiter pÄ ulike instrument vart Vinje Junior Spelemannslag skipa. LÊraren her var stort sett Stein Versto, men me spela ogsÄ litt med Tarjei Romtveit minnest eg.  Reportuaret til juniorspelemannslaget var stort sett gamaldans, men av det reportuaret som er i hardingfeletradisjonen. Alt gjekk i E- dur, med ikkje mindre enn fire kryss, og det var ikkje moro for trekkspel, men det blei no ein vane.

 

PĂ„ ungdomskulen byrja eg Ă„ spela gitar. Onkelen min budde i Geneve, og det var pĂ„ ein tur dit at eg lĂŠrde av syskenbarnet mitt ”Six blade knife” med Dire Straits. I tillegg til 12 takterbluesen. PopulĂŠrmusikken beit seg fast, og snart blei det i Juniorspelemannslaget utvida med ei bluesavdeleing. Snart blei, med bassist Hans Nesheim i spissen, ogsĂ„ Gamlevegen blueslag starta. Det skulle bli eit ganske mykje brukt band til bryllup og festar og anna. Me heldt pĂ„ heilt til eg reiste pĂ„ folkehĂžgskule pĂ„ Voss i 91.  Reportuaret vĂ„rt var alt mogeleg av popmusikk frĂ„ 60 og 70 talet. I frĂ„ Everly Brothers til The Waterboys. Me hadde ingen setliste og diskuterte oss fram til kva som ville vera beste trekk i hĂžve til stemninga i salen mellom kvar lĂ„t. Nokon tydeleg profil hadde me ikkje. Men hadde ei eiga avdeling med gamaldans frĂ„ Juniorspelemannslaget, om det var det folket ville ha.

 

Voss folkehĂžgskule gjorde til at musikardraumen beit seg fast. Der blei bandet ”Det Norske” stifta. Namnet fekk me fordi me var det bandet pĂ„ skulen som song eigelaga songar pĂ„ norsk. (Det var stort sett dei same folka som var med i dei andre banda ogsĂ„)

 

HĂžgdepunktet i ”Det Norskes” karriere var pĂ„ Kronstadfestivalen i Bergen, der me kom pĂ„ tredjeplass. I BA skreiv BĂ„rd Ose at dette bandet burde fĂ„ platekontrakt. Og derfor trudde me at me skulle bli store stjerner, blĂ„sne opp av folkehĂžgskulens sjĂžlvtillitspumpe som me var. Eg laga  to songar pĂ„ folkehĂžgskulen. Det var ”Du er du” og ”Det som seiast om soli kan seiast om deg” To songar som neppe kjem til ein konsert nĂŠre deg.

 

Etter folkehĂžgskulen drog eg i militĂŠret. Der gjorde eg som far min. Eg tok USK kurs i hĂŠrens sanitet. Mitt livs stĂžrste kontrast til no var overgangen frĂ„ folkehĂžgskule til militĂŠret. SĂ„ bar det til Bergen, for Ă„ treffe att dei eg hadde det sĂ„ fint med pĂ„ folkehĂžgskulen, som no gjekk pĂ„ musikklina ved Bergen LĂŠrarhĂžgskule. Åra i Bergen gjekk med til Ă„ bli lĂŠrarutdanna, samstundes som musikken tok stadig meir plass. Eg blei raskt shanghaia inn i ”Has anybody here seen Hank” med meg, Magne TormodsĂŠther og Geir Hansen.  Irsk musikk for alle penga. Og i starten var det veldig gĂžy. Men ein sĂ„g kanskje etterkvart at det beste var kanskje at The Pouges, Steely Dan og alle dei andre orginalene var betre enn kopien pĂ„ luguber pub i Akersgata i Oslo og andre buler. I tillegg var eg med i studenteateret pĂ„ NygĂ„rdshĂžyden, me starta May Sissel band i lĂŠrarskuleklassa. Sistnemnde vart til Something Odd. Og siste Ă„ret pĂ„ LĂŠrarskulen spelte me inn plate med same tittel. Der var det ein song som heitte ”Fuggel i karmen”, den fyrste songen eg hadde laga som folk ville hĂžyre pĂ„ av eigen fri vilje. LĂ„ten fĂžrde til platekontrakt med BMG og det blei ingenting av. Men har ein trua, sĂ„ har ein trua. Eg let meg ikkje affisere nemneverdig av det, og heldt pĂ„. Helge Westbye kjĂžpte den neste plata vĂ„r, takka vera godt telefonarbeid av Geir Luedy. Den heitte Nordstoga, og ein soloartist var i emning.

 

PĂ„ sida av dette held teg pĂ„ med alt mogeleg anna. ”Fake it or leave it” med Kato Aadland og Knut AaflĂžy i spisen, skulekonsertar med min bror Aasmund, skulekonsertar med Øystein Fosshagen og mykje anna. Og det var det som skulle vise seg Ă„ vera vegen frametter. Me hadde diverse crossoverprosjekt med fokemusikk. Det viktigaste skulle bli BlĂ„mann BlĂ„mann. Der me pĂ„ mange vis tok opp trĂ„den frĂ„ folkemusikkmiljĂžet frĂ„ ungdomstida i Vinje. Ideen var rett Ă„ slett Ă„ sende unge folkemusikarar til Tyskland for Ă„ promotere Telemark som reisemĂ„l. Me spelte inn plate pĂ„ Grappa og hadde ei karriere sĂ„ ljos som berre det. Og sĂ„ moro som me hadde det har eg aldri hatt det i musikkens teneste. Det hjelper med bra folk som ein kjenner med god sans for humor, og at ting ikkje gĂ„r som det skal er jo det som lagar ei god historie. Slikt var det mykje av.

 

SĂ„ ringde Øyonn Groven Myhren og me starta med Nivelkinn, eit prosjekt som fekk bĂ„de vanvittig bra omtale og spelemannspris. SĂ„ ringde Herborg KrĂ„kevik, som eg kjende frĂ„ ei filminnspeling i 1991 – Det Rare.  Dermed hoppa eg pĂ„ ”Edith og Eg” og kom i kontakt med manager BjĂžrn NessjĂž.  Men personen som fekk samla musikken min saman til eit uttrykk som blei omfamna av alle. Det var KĂ„re Vestrheim. Eg spurde han og Geir SundstĂžl, to skikkelsar eg sĂ„g veldig opp til, og sĂ„ vidt hadde litt kontakt med, om Ă„ bli med Ă„ lage ei innspeling av nokre lĂ„tar eg dreiv pĂ„ med.  Me drog til Bruket der KĂ„re hadde eit lite studio og var der i eit par dagar, finansiert av pengar eg hadde sĂžkt om og fĂ„tt. Det blei bra saker, og KĂ„re spurde faktisk om eg ville jobbe vidare med dette i Propeller med han som produsent. Platekontrakt hadde eg jo ikkje. Men KĂ„re hadde trua. Og det hadde Terje Pedersen pĂ„ Warner ogsĂ„. Men det blei Universal som til slutt fekk kontrakta pĂ„ dette, og takka for tilliten med Ă„ selge 160 000 eks av solodebuten min ”Luring”.  Ei plate som pĂ„ mange vis er eit ganske sĂ„ godt nedkok av alle mine sprik og krumspring i musikken fram til dĂ„, og den gav meg ei eiga stemme og heile landet Ă„ spela for.

Kontakt

BOOKING/MANAGEMENT:
Stageway
Sigve Prestnes
sigve@stageway.no
+47 982 85 104

Christina Jahren
christina@stageway.no

PRESSE:
Silje Hope
silje.hope@umusic.com
+47 480 95 200

Nyheitsbrev

Ved Ä gje denne informasjonen melder du deg pÄ for Ä ta imot e-post frÄ Odd Nordstoga. Der fÄr du nyheiter, spesielle tilbod, kampanjer og meldingar skreddarsydd etter dine interesser, samt at du godtek Universal Music Norge AS si personvernserklÊring og vilkÄr.